Musikk
Det er noko med mor
Då Sufjan Stevens var eitt år gammal, forlét mora han. Då han var førti, laga han eit album om det. No, tett opp mot femti, utdjupar han.
Sufjan Stevens ser med nye auge på dei falske minna han har om mora.
Foto: Emmanual Afolabi
New York-busette Sufjan Stevens har ein litterær og gåtefull låtskrivarstil. Han nyttar mykje metaforar, referansar og gjentakingar i songane sine, slik at ein ikkje heilt veit kva som er sanning eller dikt, tøys eller alvor.
Det er heller ikkje så viktig.
Alt på tredjealbumet Michigan (2003) hintar han til at det er noko med mora. Han kjem varsamt attende til temaet på fleire album, inkludert ein av dei mange julesongane sine. Som lyttar fatta i alle fall ikkje eg omfanget før albumet Carrie & Lowell (2015).
Musikalsk sorgarbeid
Det er ei personleg, vakker og uendeleg trist samling sørgjesongar om mora Carrie, som døydde i 2012. Ei mor som stakk frå familien då Sufjan var, som han syng, «tre, kanskje fire» (han var eitt). Og om stefaren Lowell, som med skjebnens sans for ironi vart den som sette ein ung Sufjan i stand til å starte eit plateselskap og byggje opp ein artistkarriere.
Ein karriere av ambisiøse prosjekt, som å lage eit album til kvar amerikanske delstat (ein spøk, han stoppa etter to). Den milde, lett hese røysta gjorde seg først til kjenne over mildt og levande gitarspel, før han blei meir eksperimentell. Ein veit aldri heilt kva ein kan vente frå Sufjan Stevens.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.