Bok

Det er den draumen

Tormod Haugland skriv roman om Tormod Haugland. Det er verdt å få med seg.

Tormod Haugland har lagt handlinga til ytre Nordhordland i 1960- til 1990-åra.
Tormod Haugland har lagt handlinga til ytre Nordhordland i 1960- til 1990-åra.
Publisert

Eg skal ikkje påstå å kjenne Tormod Hauglands forfattarskap frå A til Å, men eit stykke ut i alfabetet er eg alltids, og når eg les den nye romanen hans, Om søvn og mørke, ser eg at han har gjort eit grep ved å bli sitt eige råstoff på ein måte eg ikkje har sett før. Eller før; i den førre romanen hans, Om dyr og syn (2017), var det ei liknande iscenesetjing av eige liv, slik moten har blitt etter Knausgård og alle dei andre som går i hans spor.

Haugland gjer det på sin måte. Han går inn i sin eigen barndom og stiller han i kontrast til eige vaksenliv. Det som ligg imellom, er ei utvikling frå det barnleg naive til ei reflektert haldning til det å skrive og det å leve i skrifta, slik at det oppstår ein avstand mellom det som var, og det som er. Usentimentalt, ja, og med ein sjølvironisk snert.

Episodisk

Sentralt i dette er søvn og draumar, eit indre liv der alt kan skje, liksom i rus, usensurert og fristilt frå logikk og samanheng og eit overordna medvit. I dette verkar det som Haugland er på sporet av ein poetikk som også drar inn det verkelege, det jordnære og rutineprega livet på ein slektsgard, og den kunnskapen som ligg i det nære og kvardagslege.

Framstillinga er springande og episodisk, utan ein streng kronologi. Snart er vi i Tormods barndom, snart som kunststudent i Bergen, snart som odelsgut med det ansvaret som ligg i å overta ein tungdriven gard som ikkje kastar så mykje av seg. Alt dette er med og formar Tormods identitet og sjølvbilde der spennet mellom hans eigen vilje og slektsviljen formar ein knute som strammar seg meir og meir, fram til han seier ja til å overta etter at faren blir sjuk. Dette Per Bufast-motivet er fint integrert i teksten, som også trekkjer inn noko anna knytt til søvn og draumar: søvngjengeri.

Fast og flyktig

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement