Det er aldri heilt stille
Boka til Kari Tove Elvbakken kjem i rett tid og gjev ny innsikt i den lange striden om kven som skal ha det siste ordet i avgjerda om abort.
Arbeidarpartipolitikar Aase Lionæs (1907–99) var den første som reiste kravet om sjølvbestemt abort på talarstolen i Stortinget, i 1967.
Foto: Erik Thorberg / NTB
Sakprosa
Kari Tove Elvbakken:
Abortspørsmålets politiske historie 1900–2020
Universitetsforlaget
Kari Tove Elvbakkens bok Abortspørsmålets politiske historie 1900–2020 opnar med kapitteloverskrifta «Det var aldri helt stille». Det er framleis ikkje stille om abort, som vi har sett etter vedtak om å utvide retten til sjølvbestemt abort til veke 18 eller 22 på ulike partilandsmøte denne våren. Nemndene skal ikkje lenger kunne overprøve den abortsøkjande.
Elvbakken er professor i statsvitskap ved Universitetet i Bergen. Ho har saumfare stortingsdokument, Riksarkivet, Justisdepartementets arkiv og Arbeiderbevegelsens arkiv for å klargjera dei politiske prosessane knytte til abortlovgjevinga i Noreg. Det er ei utfordrande reise å vera med på for lesaren, både fordi saka vekkjer kjensler, og fordi dette er ei framstilling som krev merksemd. Men for alle som bryr seg om kvinnenes kamp for å bestemme over sitt eige liv, støtta av framsynte og klassemedvetne menn, er ferda vel verd å legge ut på.
Illegale abortar
Mot slutten av 1920-åra kravde kvinner i Arbeidarpartiet og Kommunistpartiet å legalisere abort utført av legar, og å fjerne paragraf 245 i straffelova. Den paragrafen gjorde abort til eit brotsverk, bortsett frå når livet til kvinna var i fare, med fengselsstraff både for kvinna og legen eller kvakksalvaren.
Eit sterkt argument for utvida rett til abort var skadar og dødsfall ved illegale abortar utførte av ukyndige. Dette råka dei fattigaste hardast. Velståande kvinner kunne i langt større mon unngå kvakksalvarane. Det vart lagt vel merke til at Sovjetunionen innførte fri abort etter revolusjonen i 1917, noko høgresida i Noreg tok sterk avstand frå, før dei gledde seg då Sovjet i 1936 endra lova: Dei skulle auke folketalet.
Det var få legale abortar i Noreg rundt 1920, men talet auka, i 1934 var det 1600 legale abortar. Mange ulovlege abortar vart utførte av helsepersonell som stilte seg på kvinnenes side. Arbeidarkvinnene i Noreg, Danmark og Sverige ville at også sosiale årsaker skulle gjera abort lovleg, og kjempa for ei slik lov på 1930-talet.
Men vi fekk ikkje ei abortlov på 1930-talet, slik både Sverige og Danmark gjorde. Dette er seinare blitt sett som eit svik mot arbeidarkvinnene av deira eigne i fleirtalsregjeringa Nygaardsvold. Elvbakken meiner tvert imot at ettertida har vist at dette var klokt av dei i Arbeidarpartiet som ynskte ein liberal praksis, for fleirtalet i Stortinget ynskte innstramming. Dei nye lovene i dei to andre landa var strengare enn den norske praksisen. Svenske kvinner reiste til Noreg for å få utført abort.
Under den tyske okkupasjonen vart praksisen stramma inn. Mødrehygienekontora, som gav råd om prevensjon og abort og var oppfatta som eit hinder for folkeauke, vart stengde. Mange av abortmotstandarane i Noreg ynskte også før krigen å stenge desse kontora. Etter krigen vart motstanden mot offentleg støtte til slik rådgjeving vidareført av dei konservative partia og organisasjonane deira.
Viktig forkjempar
I høve til tidlegare framstillingar av abortsaka i Noreg meiner Elvbakken at arbeidarkvinnerørslas innsats for abortrettar og fødselskontroll må få større vekt. Aase Lionæs, sentral i arbeidarkvinnerørsla og stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet, var ein viktigare forkjempar for kvinners rett til sjølvbestemt abort enn ettertida har erkjent.
Tidlegare framstillingar hevdar at det var den nye kvinnerørsla på 1970-talet som til sist vann retten til sjølvbestemt abort. Elvbakken ynskjer å nyansere: Den nye kvinnerørsla stod på akslene til, og saman med, arbeidarkvinnene. Aase Lionæs var den første som reiste kravet om sjølvbestemt abort frå talarstolen i Stortinget, i 1967. Før henne ruvar Katti Anker Møller, som i 1915, i foredraget «Moderskapets frigjørelse», sterkt gjekk inn for legalisering av abort og fjerning av paragraf 245.
Ikkje før på landsmøtet i 1969 vedtok Arbeidarpartiet å fremje lov om sjølvbestemt abort. Redaksjonskomiteens forslag var «en mer human abortlov innføres». Landsmøtet endra vedtaket til «fri abort innføres», som var foreslått av AUF og Ammerud partilag.
Så gjekk det ni nye år, til den dagen i 1978 da lova om sjølvbestemt abort før veke tolv vart vedteken med éi stemmes overvekt. På tilhøyrarbenken i Stortinget sat Katti Anker Møllers dotter og dotterdotter, Tove Mohr og Tove Pihl. Dei hadde ført arven vidare, saman med mange andre – blant dei legane Karl Evang og Aud Blegen Svindland.
Folkeaksjon mot abort
På 1970-talet mobiliserte ikkje berre den nye kvinnerørsla for sjølvbestemt abort, motstandarane var mange og høgrøysta. Folkeaksjonen mot selvbestemt abort, med kristne organisasjonar, Kristeleg Folkeparti og legar i spissen, samla inn over 600.000 underskrifter. Prestane Børre Knudsen og Ludvig Nessa demonstrerte med blodige dokker, også ved sjukehusavdelingar der abortinngrep skjedde. I 2019 vedtok bispemøtet å be om orsaking for å ha brukt for harde ord i abortdebatten.
Kari Tove Elvbakken har også ynskt å sjå korleis lovgjevinga i andre land påverka debatten og utviklinga i Noreg. Danmark fekk lov om sjølvbestemt abort innan veke tolv i 1973, Sverige innan veke 18 i 1974. England har såkalla legebestemt abort, abort er ei sak mellom legen og kvinna, og praksisen er liberal. Norske kvinner reiste dit før vi fekk lova i 1978.
I Tyskland har det vore ei spesiell utvikling. Kvinnene i DDR hadde sjølvbestemt abort, i Vest-Tyskland ikkje. Ein rekna at to av tre abortar var illegale. Etter samanslåinga i 1990 har det vore mykje uro om lovgjevinga. Kvinnene i aust har tapt retten til sjølve å bestemme. I dag lever tyske kvinner med ei lov frå 1996 som tilseier at abort kan straffast om ikkje reglane blir følgde, og at dei må godta rådgjeving med sikte på ikkje å ta abort.
Ny debatt
Den norske abortlova er blitt debattert og endra mange gonger. Elvbakken har følgd sju lovprosessar i statlege arkiv. Sist skjedde det da Kristeleg Folkeparti gjekk inn i Høgre-regjeringa i januar 2019 og fekk gjennom ei endring av punktet om fosterreduksjon, til da opp til kvinna innan veke tolv. Igjen var kvinners kropp og liv ei brikke i det politiske spelet.
Abortspørsmålets politiske historie 1900–2020 er eit verdfullt forskingsarbeid. Det finst andre gode bøker og skrifter om abort i Noreg, men denne grundige gjennomgangen er viktig for å kjenne den politiske historia. Lova vil aldri vera skriven i stein.
Astrid Brekken
Astrid Brekken har vore programleiar i NRK og var i 1970-åra med på å skipe feministmagasinet Sirene.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Abortspørsmålets politiske historie 1900–2020 er eit verdfullt forskingsarbeid.
Fleire artiklar
To unge mormonmisjonærar, søster Paxton (Sophie Thatcher) og søster Barnes (Chloe East), blir tvinga til å setje trua si på prøve i møtet med herr Reed (Hugh Grant).
Foto: Ymer Media
«Mange av skrekkfilmane no til dags liknar meir på filmar frå syttitalet»
I tillegg til å vere forfattar er Kristina Leganger Iversen også litteraturvitar, samfunnsdebattant og omsetjar.
Foto: Sara Olivia Sanderud
Nedslåande sanning
Kristina Leganger Iversen leverer eit grundig studium av noko som burde vere opplagt for fleire.
Teikning: May Linn Clement
«Me har ikkje grunnlag for å seia at bokmålsbrukarar har kvassare penn enn andre, men nokre av dei evnar å kløyva kvass i to.»
Gjennom Hitlers progagandaminister Joseph Goebbels får vi eit innblikk i sanninga bak Nazi-Tysklands propagandamaskin.
Foto: Another World Entertainment
Propaganda på agendaen
Fører og forfører er ein drivande historietime om tidenes skumlaste skrønemakar.
Ein mann med tomlar opp i ruinane i ein forstad sør i Beirut etter at fredsavtalen mellom Hizbollah og Israel vart gjeldande 27. november.
Foto: Mohammed Yassin / Reuters / NTB
Fredsavtale med biverknader
Avtalen mellom Israel og Libanon kan få vidtrekkjande konsekvensar.