Bok
«Det er aldri for seint å bli kven»
Gjennom 75 intervju får Bente Imerslund fram tankevekkande historier.
Oddbjørg Ulstein i Børselv med sonen Anstein Mikkelsen på fanget. Den kvenske oldemora Anni-Âmmi følgjer interessert med. Ho har på seg kvardagsplagget dakki.
Foto: Privat
I Noreg er kvenane kanskje mest kjende gjennom at dei har status som nasjonal minoritet i landet. Men det kvenske folket og det kvenske språket går òg inn i andre samanhengar enn denne, som til dømes som éin av mange europeiske språkminoritetar og som eitt av fleire austersjøfinske folk.
Bente Imerslund har skrive ei bok om seks utvalde austersjøfinske minoritetsfolk der kvenane er med som eit av dei. Boka er sett saman av 75 intervju som Imerslund sjølv har gjort med informantar som høyrer til dei seks folkegruppene. Forfattaren kommenterer ikkje intervjua, og boka blir difor eit slags kjeldeskrift om tilhøva for desse folka, ikkje ein analyse av tilhøva.
Minoritetsspråk
Dei fleste av dei som er intervjua, er opptekne av språk, og intervjua kan lesast som ulike vitnemål om stillinga for austersjøfinske minoritetsspråk i dag. Det gjeld her kvensk, skogfinsk, tornedalsfinsk (meänkieli), karelsk, vepsisk og ingermanlandsfinsk
Nemninga austersjøfinsk på desse seks språka kan verke forvirrande, fordi ingen av dei blir snakka i Finland, og berre Ingermanland ligg ved Austersjøen. Nemninga er likevel vanleg, sidan dei nemnde minoritetsspråka i lag med majoritetsspråka finsk og estisk langt på veg utgjer eit dialektkontinuum frå Estland og Finland til Nordishavet. Både Estland og Finland grensar til Austersjøen.
Dette dialektkontinuumet blir i boka godt illustrert i intervjuet med den kvenske læstadianarforkynnaren Henry Baardsen i Alta. Han fortel at han har reist rundt og forkynt Guds ord på kvensk og finsk for forsamlingar på både finsk og svensk side av Tornedalen, og dessutan på Kolahalvøya i Russland, der det frå gammalt av er folk som snakkar karelsk og finsk.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.