Den vanskelege sameksistensen
Rita Paramalingam skriv overtydande om sosial dysfunksjonalitet.
Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.
Foto: Marthe Haarstad
Mann er manns gaman, sa dei i norrøn tid, men Sartre skreiv at helvete er dei andre. Båe synsmåtar er vel halvveges rett, men likevel ikkje heilt rett til saman. Det ein kan lika eller mislika hjå dei andre, heng saman med korleis ein er sjølv, ein er prega av det miljøet ein bidreg til.
I den nye romanen til Rita Paramalingam møter me Susanna, som i byrjinga av boka lever med mor, far og to yngre systrer i Halden. Susanna har byrja på skulen, og vert henta av faren kvar dag. Då nokre klassevenninner lurer på om faren hennar ikkje har nokon jobb, konfronterer ho han med dette, og han reagerer med sinne, noko ho ikkje hadde rekna med. Faren er i det heile uberekneleg, og familien verkar ikkje som ein trygg plass å vera.
Dramatisk hending
Så skjer det ei ulukke, eller eit brotsverk, det vert aldri heilt klarlagt, men det som skjer, vert skildra frå eit uvitande perspektiv, eit svært godt gjennomført grep av forfattaren, ho er heilt med Susanna når den dramatiske hendinga gjer ho til eit farlaust einebarn. Mora, som nok ikkje var ein veldig sterk person frå før, treng tid til å ordna opp i saker og ting, og Susanna vert send til ei farmor ho aldri har møtt før, på Bøler. Der veks ho sidan opp, og soga om livet hennar held fram.
Susanna har ikkje mange minne om nærleik mellom foreldra, og ho er ikkje glad i intimitet av noko slag sjølv. Ein stad seier ho noko om at det verste med gråten er trøysta, eller dei freistnadane på trøyst som andre vil gje henne. Ho er på mange måtar ein innelukka person, ho vil ikkje sleppa nokon tett på seg, men ho skaffar seg likevel nokre vener.
Ekte
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.