Bok

Den vanskelege fridomen

Stilsikker romandebut om angst og irrasjonell livssmerte.

Anniken Englund Jørgensen (f. 1996) er bloggar og forfattar. Ho debuterte i 2018 med den sjølvbiografiske boka «Bare en natt til». «Og så kom regnet» er romandebuten hennar.
Anniken Englund Jørgensen (f. 1996) er bloggar og forfattar. Ho debuterte i 2018 med den sjølvbiografiske boka «Bare en natt til». «Og så kom regnet» er romandebuten hennar.
Publisert

Kjærleiken til pengar er rota til alt vondt, heiter det i Bibelen, medan andre kjelder finn rota i lediggang, og du skal sjå at båe har rett. Men medan den første rota gjer mest vondt for andre enn den pengekjære, er den ledige vond mot seg sjølv, ved å ha tid til å kjenna etter om noko er gale. Den som leitar, vil alltid finna.

Kvardagar utan innhald

Nathalie, hovudpersonen i debutromanen til Anniken Englund Jørgensen, har god tid til slik leiting. Ei kort stund hadde ho jobb i ein barnehage, men elles har ho ikkje stort å ta seg til. Lukka, som no er fordufta, har smilt til henne før i tida, for far hennar kjøpte eit husvære til henne til fire millionar ved Alexander Kiellands plass, truleg for å få dottera mest mogleg ut or livet sitt. Så der er ho, ei ung kvinne med kvardagar utan nemnande innhald. Dette verkar ikkje som eit spennande utgangspunkt for ein roman, men Anniken Englund Jørgensen har likevel fått til ein interessant tekst om Nathalie. Ho er eit gissel av fridomen sin, for om pliktene vantar, skortar det ikkje på sutene.

Nathalie har ein ekskjærast, Michel, som ho er så ferdig med at ho tenkjer på han heile tida. Ho er kjenslevar, i alle høve når det gjeld seg sjølv, ho er plaga av angst og går til ein psykolog som oppmuntrar etter mantrametoden. Han seier kvar gong at det er dei sterkaste som kjem dit, altså til terapeuten, men han gjer ikkje greie for korleis han har funne ut dette. Lite kjenner han styrken til folk han aldri ser.

Nathalie er klokare enn psykologen. Etter eit møte med han tenkjer ho dette: «Og det sank inn hos meg at voksne ikke er voksne, og at jeg kanskje heller aldri blir en.» Det er ein god observasjon av eit ungt menneske.

Å forstå seg sjølv

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement