Bok

Den tilskitna Tarjei Vesaas

Korleis halde litteraturen rein blant digitale påfunn og aggressiv marknadsføring?

Forfattar Øyvind Vågnes kjem med eit stikk til den norske kulturpolitikken.
Forfattar Øyvind Vågnes kjem med eit stikk til den norske kulturpolitikken.
Publisert

«Kvifor les vi skjønnlitteratur?» Slik byrjar vaskesetelen til romanen Vesaas av Øyvind Vågnes. Tittelen og sitatet får meg til å tenkje på mi eiga leseoppleving av Isslottet – ei bok som har ein djup gjenklang i denne romanen. Eg hugsar eg las den vakre historia om Unn og Siss på toget, og at eg blei slått av Vesaas’ evne til å skildre kontrastane mellom det trygge og det utrygge i både tenåringssjela og telemarksnaturen. Eg hugsar også korleis språket fekk alt til å bli opphøgd, som eit lys i kvardagens mørke.

«Lys i mørke» er vel ein daud metafor, tenkjer du kanskje. Men hos Vågnes får han nytt liv, da han bruker metaforen om mobiltelefonar som lyser opp menneska i bussen frå Bergen til Telemark. Vi møter ein norsklektor som motvillig er på veg til ein jobb som konsulent for det planlagde forfattarsenteret i Vinje. Han har tidligare vore i området for å skrive ein biografi om Tarjei Vesaas, men prosjektet blei skrinlagt av grunnar som gradvis blir nøsta opp i historia.

Kosteleg satire

Prosjektet fyller hovudpersonen Jon med stadig større frustrasjon. Vi finn meir enn eitt stikk til den norske kulturpolitikken her, med strategiplanar, team building med snøengelselfiar og levande kulturhus. Det er kosteleg med denne satiren, som til dømes når den patologisk entusiastiske prosjektleiaren Hermine foreslår å lage ein avatar av Vesaas som skal stå og ønskje velkommen til «det inste rommet», eit namn resepsjonisten på kommunetorget meiner er berre Vesaas. Når Hermine snakkar om firmaet som lagar avatarar, seier ho: «InnoViz tenkjer heilskapleg i måten dei konseptualiserer på. Dei tenkjer seg ein interaksjon med Vesaas sjølv på tvers av alle plattformer. Ein app er ei praktisk og rasjonell løysing.»

Eg trur det er fleire enn meg som vil le høgt og mørkt av desse passasjane, der stor kultur møter strømlinja språk, digitalisering og marknadstenking. For vi kjenner det dessverre så altfor godt igjen. Ta til dømes Eidsvoll-utstillinga som blei bygd til jubileet i 2014. Noko av det første ein gjer der, er å «like» ein eidsvollsmann. Kva i all verda skal det lære oss om Grunnlova? Like lite som ein Vesaas-avatar lærar oss om Fuglane.

For tydeleg

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement