Bok

Den store sanninga

Flannery O’Connor skriv nådelaust om tragiske lagnader i ei forvirrande tid.

Flannery O’Connor er saman med Robie Macauley og Arthur Koestler i Iowa i oktober 1947.
Publisert Sist oppdatert

25. mars i år var det 100 år sidan Flannery O’Connor kom til verda, ei verd ho forlét i 1964, på grunn av sjukdomen systemisk lupus erythematosus (SLE). No ligg debutromanen hennar føre på norsk for første gong, publisert av det nystarta Briskeby Forlag og omsett av Knut Ofstad.

I romanen møter me den nyleg dimitterte soldaten Hazel Motes, oftast kalla Haze, som jo tyder dis eller tynn skodde på engelsk, og det kan verka som om hovudet hans er litt i skodda. Mot slutten av boka får me vita at han får ein slags pensjon for innsatsen sin for landet i krigen, og at det er eitkvart gale med hovudet hans, utan at det vert spesifisert.

Han får det for seg at han skal byrja som predikant, og stifta ei rørsle han kallar Kyrkja utan Kristus, og på plassar der det er mykje folk, roper han ut meiningane sine, om at syndefallet aldri fann stad, at frelsa ikkje eksisterer, og at dommedag aldri kjem. Han har også mykje å seie om sanning, og han når fram til den konklusjonen at den store sanninga er at det ikkje finst noka sanning.

Usentimentalt

I freistnadane sine på å nå fram til folk med evangeliet sitt kjem Haze i kontakt med ein del meir eller mindre bisarre personar. Ein er Enoch Emery, som meiner han kjenner til ein overjordisk løyndom, som er ein heilt konkret utstillingsfigur. Ein annan er predikanten, svindlaren og fylliken Asa Hawks, og dotter hans, Sabbath.

Det som er sams for alle, er at dei er uvennlege, harde og kjærleikslause. Dei lever på ein måte kvar for seg på same plass, utan særlege utsikter til eit betre liv, og dette er skildra i eit usentimentalt språk, med ein allvitande forfattar som ikkje er martra av medynk, men som til tider syner ein litt sær humor i nøkterne skildringar av det makabre og skremmande, og som til tider byr på forfriskande samanlikningar, som når ho ein stad skriv at himmelen var upåliteleg skitengrå, lik ryggen til ei gammal geit.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement