Bok

Den som er med på leiken …

Hanne Ramsdal viser ei kvinne som fell for eigne grep.

Hanne Ramsdal debuterte som romanforfattar i 2006.
Hanne Ramsdal debuterte som romanforfattar i 2006.
Publisert

Hanne Ramsdal (f. 1974) debuterte i 2006 med romanen Jeg lukket døren bak ham da han gikk, ein roman om skuld og skam knytt til eit sjølvmord. Så lukka ho sjølv døra, for det kom ikkje noko meir før no, 13 år seinare. Den vanskelege andreboka har kanskje vore ekstra vanskeleg.

Psykologisk teft

I debutboka avslørte ho psykologisk teft, og det er også noko av styrken denne gongen. Ho går tett på ei kvinne som mistar seg sjølv og familien ved å innleie eit seksuelt forhold til ein mann ho blir åtvara mot, men ho stuper inn i det utan tanke på konsekvensane. Det er spenning, drifter og hemningslaus sex, sjølvsentrert og utan ansvar i ein leik med roller der ho er Olga og han er Pjotr.

Språket er gebrokke engelsk i den eine tekstmeldinga etter den andre, der vokabularet er sentrert kring lick og dick og suck og fuck, morosamt og kreativt til eit visst punkt, men også eindimensjonalt og overflatisk, slik pornografi gjerne er. Slik går det side opp og side ned; lesaren blir ein kikkar inn i det heilt private. Hadde det ikkje vore noko meir, kunne dette gjerne vore levert på glansa papir.

Godt komponert

Men så strammar Ramsdal grepet kring forteljaren Lone; ho blir a-Lone og Lone-ly, og etter kvart raknar heile tilværet. Ho greier ikkje konsentrere seg om jobben, ho greier ikkje ta vare på dottera på fem år, ho fungerer ikkje lenger i kvardagen, men lever i si eiga intense boble der all energi blir retta mot noko som berre finst som illusjon og ein draum om å bli del av eit anna menneske.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement