Musikk

Den siste B-en

Edward Gardner dirigerer Brahms utan å nøla.

Den tyske komponisten Johannes Brahms (1833–1897).
Publisert Sist oppdatert

Johannes Brahms var den store tradisjonalisten blant 1800-talets tysk-austerrikske symfonikarar. Ein talar gjerne om dei «tre store B-ane» – Bach, Beethoven og Brahms. Den sistnemnde ville gjerne bli sett på som Beethovens legitime etterfylgjar, prestasjonsangst gjorde difor at det tok si tid før han vågde seg inn på symfoniens einemerke.

Fyrst som 43-åring, etter 14 års arbeid, debuterte han som symfonikar. Vermande må det ha vore at Hans von Bülow, dirigenten til Berlinarfilharmonikarane, kalla Brahms’ fyrste symfoni for Beethovens tiande.

Symfoni nr. 2

Medan førebiletet enda på ni symfoniar, skreiv Brahms fire. Bergen Filharmoniske Orkester gav i 2019 ut den fyrste og tredje. No er albumet med den andre og fjerde her. Dirigenten Edward Gardner presenterer også denne gongen ein sofistikert, ja, stundom polert Brahms, der dei dynamiske ekstrema er tona ned og inga nøling høyrest i dei satsinterne overgangane.

Oppglødd over den positive mottakinga fyrstesymfonien fekk i 1876, presenterte Brahms alt året etter sin andre. Symfoni nr. 2 i D-dur, op. 73, er hans pastorale, prega av livskraft og naturidyll. Den landlege tonen, som framkallar bilete av høgvaksen sentraleuropeisk lauvskog, blir etablert gjennom horntemaet som opnar fyrstesatsen «Allegro».

Gardner dirigerer her i friskare tempo enn eg er vand med, og sparsam bruk av ritardando (gradvis nedbremsing av tempo) gjer overgangane litt for friksjonslause. Eit høgt, men kanskje meir treffande tempo har også den skifterike tredjesatsen. Den folkeleg enkle grunnmelodien er Brahms på sitt mest smeikjande.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement