Bok
¿ Den nye kvardagen
Maja Lunde har skrive dagbok i dugnadens ånd.
Forfattar Maja Lunde har skrive om dei første dagane etter at pandemien braut ut her i landet.
Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix
Lytt til artikkelen:
Den nyaste boka til Maja Lunde, De første dagene, har ikkje fått noko sjangernemning, men teksten er ei dagbok datert mellom onsdag 12. mars og søndag 29. mars 2020, ein dag-for-dag-tekst som registrerer den nye kvardagen etter at Noreg blei stengd ned som ledd i kampen mot koronaviruset.
Det startar med at ho må forlate biblioteket der ho driv research på den siste romanen i den såkalla klimakvartetten. Bakgrunnen skal vere ein pandemi på Svalbard i 2110, men brått blir ting snudd opp ned, fiksjon og røyndom glir over i kvarandre, og ho får ei slags skrivesperre for romanprosjektet. I staden begynner ho å skrive dagbok om familien på fem, nabolaget og utfordringane som står i kø med heimeskole, heimekontor, arbeidsfordeling mellom vaksne og barn, avstand og handvask, brakkesjuke, alt dette ein må passe på og tilpasse seg i den felles dugnaden som skal redde oss ut av krisa og tilbake til det normale kvardagslivet.
Uro
Samtidig er ho bekymra for foreldra i risikogruppa, og særleg for den demente mormora som blir send frå sjukeheimen til sjukehuset med pustevanskar. Ei anna bekymring ho stadig vender tilbake til, er ein cyste i brystet som må undersøkjast og behandlast, og i ein mareaktig draum ser ho seg sjølv og mannen tjue år fram i tid, ramma av ein pandemi og overlatne til seg sjølv slik mange blir rundt omkring over heile verda.
Ved fleire høve skriv ho om den «verdensfortvilelsen» ho har kjent på under arbeidet med klimakvartetten, men ho løftar også fram det tilpassingsdyktige hos mennesket som ein ressurs, og ho undrar seg: «hvis klimaendringene hadde vært et virus, ville vi handlet, ville vi glemt de små detaljene vi alltid løfter fram som argumenter mot å gjøre noe?»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.