Musikk
Den nye kantoren
Leipzig feirar 300 år med Bach i byen.
Thomaskyrkja i Leipzig.
Foto: Sjur Haga Bringeland
Laurdag 22. mai 1723 kring middagstider stansa fire hestevogner lasta med instrument, notar, møblar og anna husgeråd på plassen framfor Thomaskyrkja i Leipzig. Eigaren av flyttelasset kom fram to timar seinare med familien sin: Johann Sebastian Bach, kapellmeisteren ved fyrstehoffet i nabobyen Köthen, som no var vald til ny kantor ved Thomaskyrkja. Denne Tysklands gjævaste kyrkjemusikarstilling innebar òg direksjonen av det ærverdige gutekoret Thomanarane, som alt den gongen var 500 år gamalt, i tillegg til ansvaret for heile det offentlege musikklivet i denne rikaste universitets- og handelsmessebyen i kurfyrstedømet Sachsen.
Sjølv om han i åra som fylgde, stundom skulle tvila på om det var eit rett karriereval å veksla frå fyrsteleg kapellmeister til kommunal kantor, blei han verande på post livet ut. For i Leipzig kunne sønene vitja universitetet, noko han sjølv aldri hadde hatt høve til, og som thomaskantor ville han for fyrste gong kunna via seg fullt og heilt til det han formulerte som sitt livs «eigentlege endemål»: å sørgja for «ein regulert kyrkjemusikk til Guds ære».
2500 medverkande
«300 år Bach i Leipzig» var det opplagde temaet for årets Bachfest. Frå 8. til 18. juni feira ein her byens største son med 160 konsertar på 30 spelestader, mange av dei der komposisjonane blei urframførte.
Talet på medverkande imponerer: i alt over 2500, fordelte på mellom anna 36 kor, 35 orkester, 129 songsolistar og 37 dirigentar. Billettane kostar mellom 3 og 200 euro, men for 20 til 60 euro sikrar ein seg vanlegvis ein god plass. Konsertane er sjeldan heilt utselde, så om ein reiser til Leipzig og vil ta det litt som det kjem, får ein vanlegvis det ein vil på kort varsel. Overnatting er det einaste ein bør tinga i god tid på førehand, for under Bachfest blir hotellkapasiteten sprengd.
Ein kunne mest gå tørrskodd frå konsert til konsert. Likevel er det aldri noko hektisk over atmosfæren på denne festivalen, som speglar att det avslappa lynnet til innbyggjarane. Det er alltid tid til ein kopp kaffi og eit stykke av byens gode kaker. «Kaffisaksarar» blir leipzigarane skjemtfullt kalla.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.