Musikk
Den menneskelege faktoren
Daniel Lanois har sett frå seg gitaren og plassert seg ved tangentane, men høyrest likevel ut som seg sjølv.
Daniel Lanois i studio.
Foto: Marthe A. Vannebo
Det er ikkje rart at Daniel Lanois må tenkje seg godt om kvar gong han får spørsmål om kva for ei av platene han har produsert, som er «karrieredefinerande», noko som skjer med jamne mellomrom. Det er vanskeleg å overvurdere rolla han har spelt som produsent for U2, Emmylou Harris, Peter Gabriel, Neil Young og Bob Dylan, for å nemne nokre. Det ville ikkje vere feil å seie at han har vore med på å definere det musikalske uttrykket på nokre av desse artistane sine viktigaste plateutgivingar. Mindre kjend er den solide rekkja av soloplater signert mannen sjølv, som er ein framifrå låtskrivar og musikar, og i dag er han plateaktuell igjen, med Player, Piano.
Eg vart overraska då eg høyrde at Lanois skulle komme med ei instrumentalplate der pianoet står i sentrum – det har gitaren gjort på tidlegare utgivingar, og då særleg steelgitaren. I ei pressemelding fortel artisten at han ikkje er så glad i måten pianoet høyrest ut på i moderne innspelingar – «eg fann ut at ei pianoplate frå mi side måtte høyrest meir ut som ho var laga på 1940- eller 1950-talet», sa han, «ei tid då pianoet lydde mjukt og vakkert». For å få til dette sytte han for at slaget til hamrane ikkje vart for hardt på dei tre instrumenta han plasserte i studioet sitt då han laga Player, Piano.
Ukomplisert og fint
Det som slo meg då eg først lytta gjennom dei 13 nye melodiane, var at skiftet av hovudinstrument likevel ikkje gjer det vanskeleg å kjenne att Lanois. Fleire stader høyrer ein ekko frå musikken mannen har laga før. «Pueblo» minner denne lyttaren om platene til Harold Budd (1936–2020) og sender tankane til The Pearl (1984), utgivinga Budd laga saman med Lanois og Brian Eno.
Ein låt som «Parade» kunne like gjerne ha figurert på ei av platene Lanois har laga med nett Eno, som Apollo (1983, og i utvida utgåve i 2019), medan orgelspelet på «Lighthouse» og «Twilight» sender tankane til gospelalbumet frå i fjor, Heavy Sun (2021). «Sweet Imagination» kunne ha passa fint på ei plate som Belladonna (2005), og, vel, slik kan ein halde fram. Melodiane er ukompliserte og fine, og stort sett er det lite bruk av perkusjon. (Eit unntak finst i den slakke grooven «Clinch» er utstyrt med.) Lanois er kjend for å bruke ekko i produksjonane sine, eit trekk som er prominent på mesteparten av materialet her, og dei som kan styre seg for nett det, bør halde seg unna Player, Piano.
I all musikk denne musikaren har vore med på å lage, er valet av innspelingsteknologi, instrumentering og utstyr nøye gjennomtenkt, og det finst nok av skriveri om den slags, der du kan høyre om plassering av mikrofonar, bruken av ein AMS DMX 15-80 Harmonizer og så vidare.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.