Bok

Den lange kampen mot fleirtalet

Sjølv om dei politiske sigrane var sjeldne for Per Olaf Lundteigen, gav han seg ikkje.

Per Olaf Lundteigen på landsmøtet i Senterpartiet i Trondheim i 2017.
Publisert Sist oppdatert

Senterpartimannen Per Olaf Lundteigen har bak seg eit liv i politisk kamp, også mot sitt eige parti. Han fortener kanskje ein plass i den kategorien som Ottar Brox oppretta for sin gode ven Kåre Lunden i eit heidersskrift til historieprofessoren: Kåre Lunden kan aldri høyre til eit fleirtal.

Lundteigen heiter boka om det politiske livet til senterpartimannen. Ho er ført i pennen av Thomas Vermes i eit enkelt, godt språk, tydeleg og lett å lese. Vi får vite korleis debattane gjekk, kven som stod mot kven, og korleis taktikken prega mange saker. Her er fleire opplysande døme på spel i løynd og handel med standpunkt.

Kynisme

Nokre stader minner boka om det Otto von Bismarck visstnok var inne på: Den som veit korleis pølser og politikk vert til, får aldri meir ei god natts søvn. Ein ting plaga Per Olaf lenge: Den «kynismen som det generelt er på toppen av partipolitikken». Fleire med makta på si side kamuflerte ofte standpunkta sine, meiner han, eller dei sa det motsette av det dei seinare røysta for. Han gjennomskoda dette og skjønte at grundig kunnskap om saker og fakta må til for å ha ein sjanse til å nå fram. Med det sette han seg i respekt hos mange.

Boka fortel lite anna om privatlivet enn at det oppslukande engasjementet hans la bører på dei som var heime og heldt gardsdrifta og heimen gåande. Per Olaf Lundteigen, fødd i 1953, voks opp på eit familiebruk ved industristaden Vestfossen i Eiker i Buskerud. Framleis var det eit par hundre tusen slike gardar i drift.

Men Arbeidarpartiet var i gang med si strukturrasjonalisering. Gardsbruka skulle bli færre og større. Partiet ville ha stadig fleire menneske vekk frå bondelivet og inn i meir økonomisk produktive næringar i byar og tettstader. Med mekanisering og diesel skulle stadig færre bønder rekke over stadig meir jord. Kostnadene steig, lønsemda ikkje.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement