Musikk
Den grå eminense står fram
Kolve har spelt på 150 plater, men berre tre i eige namn.
Kåre Kolve fekk i oppdrag å komponera eit tingingsverk til Jazzfest Trondheim i 2015. Året etter blei verket framført på ny på Vossa Jazz, og der blei det gjort opptak. No er plata her, med åtte låtar og ei samla speletid på ein god time. Kolve blei sitert i Adresseavisen i forkant av premieren: «Publikum vil få høre hva som foregår inne i hodet mitt, det kan til tider være en traumatisk opplevelse.» For å vri på Einar Gerhardsen: Lukkeleg er den som har så vakre traume.
Melankolien har likevel vore ein nær ven i tida då han skreiv musikken. Dette er den tredje plata i eige namn, og frå dei to første har eg notert meg at Kolve har sans for den vakre melodien. Dei finst det nøgda av her også, men her er det spleisa med ein gjennomgåande tristesse. Ein av dei vakraste augneblinkane er Kolves hylling av den canadiske trompetaren og komponisten Kenny Wheeler som gjekk bort for tre år sidan. På låten «Sir K.W.» spelar også Kolve eit av sine finaste kor.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.