Den farne faren
Naja Søtje-Thomsen skriv klokt og gripande om ein far som ikkje strakk heilt til.
Naja Søthe-Thomsen er dansk, men er busett i Noreg.
Foto: Pernille Marie Walvik
Det er ikkje mange som debuterer skjønnlitterært med ein sjølvbiografisk roman, men det må eg tru at Naja Søtje-Thomsen har gjort med den fine romanen Vi levde i går, sidan hovudpersonen heiter det same som forfattaren, for det hadde no vore eit underleg samantreff elles.
Naja Søtje-Thomsen er fødd i Danmark. Faren, Preben, tidt kalla Peppe, debuterte som hasjrøykar i ung alder og var trufast mot dette drivstoffet det meste av livet. Han må ha vore ikring 37 år då Naja kom til verda, og eit par år seinare fekk ho ein bror. Mor deira, Brita, var betre organisert enn Preben, og etter nokre år vart familien oppløyst, Brita og borna flytta til Oslo, medan faren vart attende i Skagen.
Skam
I byrjinga av boka seier mora at Naja ikkje kan rekna med at faren kjem til å verta særleg gamal, og det går snart troll i ord. Preben døyr, og ein god del av romanen handlar om gravferdslogistikk og minne. Naja og dei andre dreg til Danmark for å ordna slikt som lyt ordnast, og teksten vekslar mellom det som er notid for den unge, vaksne Naja, og opplevingar med og utan faren i barndomen og seinare. Naja gjorde alt ho kunne for å halda kontakten med faren, medan han på si side ikkje var like flink. Ein forstår at det nok ikkje skorta på viljen, men heller på evnene til praktisk oppfølging. Som det står i Bibelen, her sitert omtrentleg og etter minnet: Det gode som de vil, det gjer de ikkje. Naja forstår at aksjonsradiusen til Preben skrumpar inn, han har ikkje dei store ambisjonane, rusen gjer sitt, truleg alderen også, ein finn seg til rette i det vesle livet, den vanlege tralten, der ein ikkje møter utfordringar, og når ein støyter på slike, vil ein berre vike unna. Alt utanom det daglege og nære er for krevjande, og utanfor komfortsona vert ein gjerne konfrontert, helst av seg sjølv og samvitet, med det ein ikkje fekk til. Når det gjeld Preben, syner han ikkje tydeleg at han skammar seg, men skamma er truleg ei viktig årsak til at livet utvikla seg slik det gjorde for han. Ein søkjer seg til situasjonar som ikkje minner ein på slikt ein kom til kort i.
Open og direkte
Det er ein gripande roman Naja Søtje-Thomsen her har skrive, særleg ved at teksten er så open og direkte, mellom anna når ho skriv om tider då ho var i Danmark i både veker og månader utan å vitja faren. Den sterkaste scena i så måte er vel då ho sit i ein bil som stansar for at far hennar skal kryssa vegen. Berre nokre meter unna ser ho han, men han ser ikkje henne. Han veit ikkje at ho er i nærleiken.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.