Bok
Den engasjerande krigen
Ekko fra Spania tilfører vesentleg nytt, særleg om propagandakrigen om den spanske borgarkrigen her til lands.
General Francisco Franco talar til marinestyrkar i Vinaroz i Spania 26. juli 1938.
Foto: AP / NTB scanpix
Den spanske borgarkrigen (1936–1939) vekte enorm interesse i si tid og gjer det framleis. Dei intellektuelle tok stilling til krigspartane, og somme lét seg også verva, dei aller fleste på republikken si side. Tilmed i våre dagar, 80 år etter at krigen slutta, kjem det ut bøker som tar opp ulike aspekt ved den brutale og ekstremt valdelege krigen. Ekko fra Spania. Den spanske borgerkrigen i norsk offentlighet er eit nytt tilskot til denne litterære floraen.
Forfattarane nøyer seg ikkje med å ta opp att det vi alt kjenner til frå borgarkrigen, men dokumenterer grundig og overtydande korleis propagandakrigen gjekk føre seg i dei ulike media, frå arrangement i dei 110 lokale Spania-komiteane som blei skipa rundt om i landet, og til dei nye massemedia, som film(aviser) og spesielt radio. Som appendiks finn vi eit imponerande oversyn over Spania-arrangement og visingsstader for Spania-filmar i perioden. Denne meldaren likte spesielt godt appendikset «En kommunelege drar i krigen», der vi gjennom skildringane til Johannes Hagtvet kjem nær innpå dagleglivet i krigen.
Mediedekning
Eit gjennomgåande tema er korleis krigen blir dekt i hovudstadsavisene, i første rekke Aftenposten, Arbeiderbladet og Dagbladet. Boka tar breitt opp haldningane andsynes dei frivillige – dei som verva seg gjennom den kommunistiske Komintern til dei internasjonale brigadane for republikken – og det humanitære hjelpearbeidet som det blei samla inn monalege beløp til på talrike arrangement rundt om i landet.
Dei som fekk aller mest å seia for synet på borgarkrigen, var politikarar og journalistar som hadde store propagandaapparat til rådvelde. Av dei mest kjende som reiste til Spania, tok dei fleste standpunkt for republikken: Nordahl Grieg, Lise Lindbæk og Gerda Grepp mellom dei profesjonelle skribentane og Haakon Lie og brørne Rolf og Einar Gerhardsen i politikarrekkene. Spesielt Haakon Lie nådde langt ut med filmen Spania, Spania og med foredrag som sekretær i AOF (Arbeidernes Opplysningsforbund). Men også representantar for det humanitære arbeidet – i særleg grad Nini Haslund Gleditsch og Kristian Gleditsch – dreiv aktivt informasjonsarbeid for Den norske hjelpekomité for Spanias arbeid, som dei for ein del stod i spissen for.
Også dei frivillige til Franco-fronten er omtala i boka, sjølv om dei var berre ein brøkdel av nordmennene som slutta seg til dei internasjonale brigadane, fem–ti versus om lag 225. Men dei hadde sine talsmenn med tyngd i det norske samfunnet: Tryggve Gran, kjend frå Scotts sørpolekspedisjon, og Per Imerslund, som blir framstilt som den mest kjende nordmannen på Franco-fronten.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.