Bok

Dei rettslause

Aino Basso skriv litt for knapt om overgrep og avmakt.

Aina Basso har skrive romanar både for unge og for vakse sidan debuten i 2008. I 2022 fekk ho Samlagsprisen.
Publisert

Aina Basso har ein stor produksjon av historiske romanar, mange for ungdom med utgangspunkt i faktiske skjebnar. Ho har fått gjæve litterære prisar for bøkene sine, som ber preg av grundig research og dyktig handverk.

Tematikken i Før det blir morgon har ho skrive om i sakprosaboka Dei dødsdømde frå 2022, og hovudpersonen her var ein biperson der. Alt i opninga får lesaren ein tydeleg indikasjon på kva slags situasjon det skal handle om her, med sitatet frå Kong Christian Vs Norske Lov av 1687: «Letfærdige Qvindfolk, som deris Foster ombringe, skulle miste deris Hals, og deris Hovud sættis paa en Stage.»

Valdtekt

Året er 1733, og det er «faredag». Den 14. april var fastsett ved lov som den datoen tenestefolk skulle forlate posten sin og nye kome til. Josefa blir send ut frå heimen til ein storgard eit stykke unna. Mor hennar er gravid med barn nummer fem, og det er smått med mat. Josefa er innforstått med situasjonen: «eg er femten no og gamal nok til å gå i teneste og arbeide for føda». Like fullt er opplevinga smertefull. Snart syner det seg òg at ordet «faredag» har dobbel tyding.

På Li er det større forhold enn Josefa er vand med. Ho blir tatt godt imot, men her lurar noko ugreitt. Ganske snart skjer det ein alt veit vil skje. Josefa blir utsett for noko tallause verjelause ungjenter opplevde både på bygda og i byen: Ein mann med makt tek seg til rette. Husbonden gjer tenestejenta gravid. Ho føder eit dødt barn i dulsmål som ho kastar i gjødselhaugen. Når barnet blir oppdaga, kjem styresmaktene inn. Kvinnene må gjennom audmjukande forhøyr. Utgangen er gitt. Josefa blir tvinga til å kle av seg og blottlegg dei mjølkesprengde brysta.

I dette samfunnet er ho den skuldige. Valdtektsmannen blir riktig nok banka opp av gardsgutane som er solidariske med Josefa, men går fri for rettsforfølging. Offeret blir ført bort som fange.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement