JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Meldingar

Dei fleste revolusjonar endar i tragediar

Dei historiske blodspora til venstre lèt seg like lite bagatellisera som brotsverka frå høgre. Kva forklarar valden i humanitetens namn?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
9014
20191004
9014
20191004

Sakprosa

Courtois, Titlestad, Fanebust, Elorza:

Revolusjonens barn. Politiske utopiers makt i norge. Venstresiden mellom demokrati og diktatur 1911–2018

Omnibus

Revolusjonens barn er ei viktig og mangfaldig bok. I den fortetta ideologiserande verda vi lever med i dag, har analysar av dette slaget fått ein presserande aktualitet.

Fem tema utgjer grunnsteinane i boka: 1) Kvifor har dei aller fleste revolusjonar frå venstre ført til store lidingar og massemord? 2) Kvifor har politiske utopiar hatt eit slikt kjenslemessig tak på den europeiske venstresida? 3) Korleis kan vi forklara kvifor Arbeidarpartiet vart revolusjonært i byrjinga av 1920-åra og at Sovjet-ovundringa heldt seg så lenge? 4) Korleis er det mogleg å forstå den påverknadskrafta som det maoistiske AKP (m-l), hadde i syttiåra blant (relativt) høgt utdanna menneske i ein krisefri økonomi som den norske? 5) Kva er likskapspunkta mellom høgre og venstre, mellom dei ulike formene for fascisme/nasjonalsosialisme og kommunisme/stalinisme?

Det historiske bakteppet i Revolusjonens barn vert drege opp av den franske historikaren Stéphane Courtois i storverket Le livre noir du communisme – crimes, terreur, répression frå 1997 (Kommunismens svartebok, som òg finst i engelsk og svensk utgåve). Courtois dokumenterer her i detalj talet på offer for kommunistiske regime og rørsler frå 1917 til 1987: omkring 170 millionar. Berre Sovjetunionen stod for 20 millionar av desse, meiner Courtois. Dette er tal som unndreg seg rasjonell forståing, men dei kan ikkje feiast bort. Berre dei enorme offera til det russiske folket i kampen mot Hitler kan forklara kvifor kommunismen likevel heldt eit slik emosjonelt nakketak på venstresida lenge etter andre verdskrigen.

Sosio-psykologi

Courtois set seg som mål å etterrøkja dei djupe sosio-psykologiske årsakene til at dei fleste revolusjonar frå venstre sluker borna sine og endar i terror og massemord. Appell til idealisme er eit nykkelord her. Fleire av resonnementa hans er like gyldige for revolusjonane frå høgre (den italienske fascismen og den tyske nasjonalsosialismen), til dømes appellen til offervilje, patriotisme og ueigenytte.

For å setja denne analysen i perspektiv: Lat oss fyrst ikkje gløyma den historiske rekneskapen etter venstrerevolusjonane. Oktoberrevolusjonen (som byrja som eit statskupp) enda i Stalins GULag og Moskva-prosessane i 1937, der Stalin drap omtrent alle som var med Lenin i 1917; Maos redsleregime, som førte til 70 millionar offer (avhengig av reknemåten); Kim il Sung og det poststalinistiske tyranniet i Nord-Korea som var resultatet av revolusjonen i eit land som den dag i dag ligg i botnlaus fattigdom. Og då har vi ikkje nemnt noko av det verste i desse tragediane: dødsmarkene til Pol Pot i Kambodsja (1,7 millionar drepne frå 1975 til 1979).

Revolusjonar som skulle skapa fred, likskap og velstand, vart systematisk perverterte til massedaud. Kvifor?

Berre den kubanske, den vietnamesiske og den sandinistiske revolusjonen har ikkje enda i massemord (sjølv om vi ikkje veit kor mange som døde etter den nordvietnamesiske sigeren i 1975, heller ikkje kor mange Castro tok livet av utanomrettsleg etter innmarsjen i Havanna i 1959).

Inspirasjonskjelda

Det er her tesen som gjennomsyrer Revolusjonens barn, kjem inn: Den franske revolusjonen utvikla eit radikalt nytt menneskesyn. Revolusjonen skulle elta fram, om naudsynleg med vald, det nye mennesket: det dydige, reine usjølviske mennesket for den nye tida. Alt skulle starta frå botnen av: ny kalender, ny tidsrekning, totalt nytt styringssystem, ny religion. Fornufta i høgsetet. Det galt å skapa ein ny menneskenatur frå botnen og rydda bort alt anna.

Revolusjonen var år null. Total makt, fjerning av alle konkurrerande maktkjelder, ikkje minst kyrkja, adelen og trona. Regimentering av folket kom slik saman med krava om aktiv deltaking i revolusjonen, ikkje berre passiv aksept av det nye. Her, i bodet om full mobilisering nedanfrå, ligg ikkje minst den totalitære impulsen.

Alle venstrerevolusjonar – og dei frå høgre med – deler denne aktivistiske totalvisjonen. Totalitære revolusjonar krev at alle skal med: Er du ikkje med oss, er du mot oss. I perioden 1793 til 1794 vart om lag 17.000 menneske avretta som kontrarevolusjonære ut frå denne visjonen, med den jakobinske føraren Maximilien Robespierre som leiar. (Han fell sjølv i giljotinkorga; det var då revolusjonane tok til med å fortæra borna sine.)

Den tvisynte arven

1789-erklæringa omhandlar dei «naturlege rettane». Desse rettane har alle menneske, og den logiske konsekvensen er at dei, fordi dei er naturlege, vert nedfelte i ein grunnlov. Ei forfatning er nett det naturlege, samlande provet på samkjensla i eit folk. Det skjedde også i Frankrike 3. september 1791. Ei slik forfatning kan altså med god grunn seiast å representere «folkeviljen». Men nett i denne stunda i Frankrike braut dei potensielt autoritære sidene ved denne samfunnstenkinga, inspirert frå Rousseau, fram.

For når så meir eller mindre sjølvoppnemnde eller tilfeldige representantar for revolusjonen – til dømes Robespierre, Lenin eller Mao, for ikkje å gløyma Pol Pot – opphevar seg til å tolka kva denne ålmennvilja er, oppstår det ein jarnhard dynamikk. Denne dynamikken fører i sin tur med seg ein slags naturgjeven rett for revolusjonsleiarane til å reinska ut annleis tenkjande, fordi dei ikkje er «naturlege» eller «reine» nok, og til represjon og terror med det beste samvitet («revolusjonær rettferd»).

Denne dynamikken blir betongfast og handlingsvegleiande, ja, fanatiserande, fordi han stør seg på ei truvisse: Tilliten til at du har naturen på di side eller andre overindividuelle naturlover, det Karl Popper kallar historisisme: Historia, Fornufta, Rasen eller Nasjonen. I Kambodsja galt det Partiet.

Allmennviljen

Fanatismen i slike venstrerevolusjonar hentar altså legitimitet frå dette resonnementet, som er knytt til argumentet om det naudsynlege: Når nokon meiner dei representerer ålmennviljen, korleis kan du som ein einskild då protestere, ut frå din tilfeldige subjektive ståstad, og melda deg ut av det ålmenne vellet? Som sagt, har du slike tendensar, er det nok ingen annan veg enn «å tvinga deg til fridom», som Rousseau så praktfullt leninistisk sa det i Du Contrat Social (1762).

Eller som Lenin ville sagt det: Du tar «objektivt» feil. Dette feilslaget kjem når visse individ ikkje er på høgd med det eigenlege, rasjonelle sjølvet som i sin tur er i samsvar med ålmennviljen. I deira eiga interesse må dei tuktast til «fridom».

Her, i avvisinga av andre måtar å erkjenna på og av balanserande institusjonar i sivilsamfunnet, finn vi kimen til det «totalitære demokrati», som J.L. Talmon formulerer det i klassikaren The Origins of Totalitarian Democracy (1954). Her avdekkjer Talmon dei indre potensielt autoritære draga i demokratiet og lærer oss om tankestrukturane som ligg bak populismen i dag.

Den einaste revolusjonen som ikkje har ført til massedrap, er den amerikanske (1776–1789), fordi han var ein kolonial frigjeringskrig, den fyrste i sitt slag. Han var ikkje eit totalrenoverande blodorgie som skulle skapa ein ny menneskenatur. Og grunnslovsfedrane var opptekne av at makt måtte ringast inn av maktbalanserande institusjonar. Nett fordi det ikkje dreidde seg om abstrakte formar for fridom, à la Frankrike, enda han ikkje i masseslakt.

Ljoset frå oktober

Resten av boka er eigenleg vidareutviklingar av dette temaet. Torgrim Titlestad skriv om Arbeidarpartiet og Komintern-medlemskapen i 1920-åra – «ei gjensidig misforståing», som Tranmæl sa det. Han argumenterer for at revolusjonsromantikken og -retorikken sat lenge att – til langt opp i trettiåra – i partiet. Fyrst etter Praha-kuppet i 1948 kan ein seia at partiet gjekk bort frå desse illusjonane.

Men Titlestad undervurderer den historiske konteksten for 1917: at ovundringa for oktoberrevolusjonen i byrjinga på sett og vis var rasjonell. Revolusjonen (eller rettare sagt statskuppet) i 1917 stod for ei von om eit nytt medmenneskeleg samfunn etter nedslaktingane under fyrste verdskrigen og dei vulgære utslaga av ein rein rovdyrkapitalisme etterpå. Han har rett i at Mot Dag skjøna meir av nazismen enn av Stalin (jamfør Moskvaprosessane i 1937), og han er god på dei intellektuelle forteiingane av brotsverka etterpå (mellom anna klårt sett av Orwell).

Denne boka bør vera pensum for alle som interesserer seg for politikk i verda i dag. Var det ikkje Torolf Elster som sa noko slikt ein gong: Berre vi som ikkje meiner stort og ikkje er totaloppteken av politikken, bør driva med slikt. Politikk er for farleg til å fylla menneska med meining.

Bernt Hagtvet

Bernt Hagtvet er professor i statsvitskap ved Universitetet i Oslo og Bjørknes Høyskole og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Denne boka bør vera pensum for alle som interesserer seg for politikk i verda i dag.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Per Anders Todal

Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.

Foto via Wikimedia Commons

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Monumental pedal

Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.

Trålar utanfor Måløy sentrum.

Trålar utanfor Måløy sentrum.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Ordskifte
RagnarSandbæk

Barents blues, også et flytende samfunn

Min tiårige til-og-fra-periode i den tøffe trålbobla har preget meg nokså sterkt.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn
Cecilie Hellestveit

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Olfa og døtrene i den Oscar-nominerte dokumentarfilmen som Kaouther Ben Hania har både manus og regi på.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Venleik og udyr

Den vakre og vonde dokumentaren til tunisiske Kaouther Ben Hania er stor filmkunst, skriv Håkon Tveit om Olfas døtre.

Håkon Tveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis