Kunst

Debutantane løftar haustutstillinga

Ho sprikar friskt i alle retningar, og det er vel ein av grunnane til at denne utstillinga framleis er så populær.

Amalie Skarpeid, «Boredom», 2021, olje på lin, 80 x 56 cm.
Amalie Skarpeid, «Boredom», 2021, olje på lin, 80 x 56 cm.
Publisert Sist oppdatert

I år var det 2350 søkarar til den 135. juryerte haustutstillinga. Alle kan søke, så lenge ein er norsk kunstnar eller utanlandsk kunstnar som bur i Noreg. Av dei 100 som kom gjennom nålauget, var heile 60 debutantar.

Rett nok er mange av førstegongsutstillarane solide kunstnarar med veletablert karriere, men innimellom finn ein heilt ferske namn, og fleire imponerer stort. Amalie Skarpeid (f. 1999 i Bærum) er ei av desse. Ho har treft noko med måleriet «Boredom» (2021). Ein ungdom sit samansokken i skinnstolen, det er rett før ho glir heilt ut av bildet. Jenta har det pandemitrøytte fjeset vi har sett så mykje av. Ho er nesten usynleg, ansiktsfargen går i eitt med veggen. Urørleg og taus vert ho lett å oversjå i den grå hettegenseren som er knytt tett oppunder haka. Det er først når vi ser nærare etter, at vi oppdagar lighteren ho puslar så stillferdig med. I venstrehanda held ho opp ein hårtust, det verkar som om ho vurderer kor nært ho kan føre håret før elden fatnar.

Er dette ei sjølvdestruktiv handling, eller er det gjort i tanketom keisemd? Måleriet er pensla opp med enkle og sikre strøk. Dei slanke og velforma hendene hennar vert lyste opp i elden frå lighteren, noko som skaper ein vakker effekt. Skarpeid har lukkast godt med ein lågmælt bruk av verkemiddel, det er ikkje ofte ein finn eit så godt uttrykt situasjonsbilde av ein ungdom.

Fotoverket «She Hunts 1» (2017) står i sterk kontrast til kvinna i «Boredom». Her står ei ung kvinne breibeint i haustfarga natur med blodraude hender. Dei oppsperra auga er festa på noko som skjer utanfor bilderamma, som vi ikkje veit kva er. Verket er eigentleg del av ein stor fotoserie der Ingerid Jordal (f. 1982 i Odda) følgjer eit jaktlag.

Med serien undersøker Jordal kva det vil seie å vere kvinneleg jeger, dette er eit felt som framleis har overraskande sementerte kjønnsroller. Det er interessant å sjå korleis «She Hunts 1» endrar karakter når det vert teke ut av fotoserien og står åleine, slik det er vist i haustutstillinga. Dette er forresten også eit debutverk. No er det slett ikkje like eintydig snakk om dokumentasjon av ei elgjakt. Verket får noko meir urovekkande ved seg, og vi kan lese mange historier inn i det. For tida kan heile fotoserien sjåast ved Norsk Skogmuseum i Elverum.

Godt handverk

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement