Bok

DDR 1976

Charlotte Gneuss fangar stemninga i DDR på meisterleg vis.

Charlotte Gneuss er oppvaksen i Ludwigsburg i Baden-Württemberg og har studert kreativ skriving i Leipzig og scenekunst i Berlin.
Publisert Sist oppdatert

Charlotte Gneuss (f. 1992) brakdebuterte i 2023 med romanen Gittersee der ho tar lesaren med tilbake til 1976 og til landsbyen Gittersee like ved Dredsen i det gamle DDR. Romanen fekk fleire prisar og var nominert til Den tyske bokprisen, og han er omsett til ei lang rekke språk.

16 år gamle Karin Köhler står i sentrum, ei heilt vanleg jente med ein trøblete familie: Faren drikk, mora reiser sin veg, bestemora lengtar tilbake til krigen da ho tenestegjorde i Minsk og i Paris, og veslesøstera blir Karin sitt ansvar. Ho lengtar etter eit anna liv, men ho er låst inne i eit system utan anna handlingsrom enn det styresmaktene tillèt.

Konstant overvaking

Ein dag er kjærasten Paul borte, og mistanke om «republikkflukt» fører til at Karin kjem i søkelyset til Stasi. Kva veit ho, var ho med og planla flukta, var andre involverte? Gong på gong blir ho kontakta av Stasi-agenten Wickwalz, som prøver å lokke henne til å angi vennane sine ved å opprette eit nærast kameratsleg forhold til henne. Han spanderer røyk, han treffer henne «tilfeldig» rundt omkring i landsbyen, han tar henne med i bilen sin, han oppsøker henne heime under ulike påskot, heile tida med ein baktanke om at ho veit meir enn ho vil ut med. Ho er under konstant overvaking, og ho veit ikkje kven ho kan stole på, for tysting og angiveri gjennomsyrer heile samfunnet frå skole og nabolag til overordna statsinstitusjonar.

Charlotte Gneuss fangar på meisterleg vis inn den klaustrofobiske stemninga i DDR, og spørsmålet som melder seg, er om 16-årige Karin på noko vis kan slå tilbake mot systemet. Her hentar Gneuss på diskret vis inn element frå spenningsromanen, både i ei kortfatta og komprimert innleiing og i ein sluttscene som utfyller og forklarer det det blir ymta om ved starten av romanen.

Ironi og harselas

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement