Datafolk som duger

Publisert Sist oppdatert

I Trump-ståket har ein russisk dataskandale gått under radaren i det meste av vestleg presse. Seks dataekspertar i den russiske tryggingstenesta FSB – det ikkje-sovjetiske namnet på KGB – er arresterte, to av dei sikta etter den russiske landssvikparagrafen. Som vanleg er i så delikate saker, er det få andre enn Moskva-avisa Novaja Gazeta og radiostasjonen Moskvas Ekko (Ekho Moskvy) som har ofra plass og tid.

To av dei, ein oberst og ein major, fekk ein sekk over hovudet og vart førde ut or salen av handfaste folk under eit møte i leiargruppa i FSB ein av dei første dagane i desember i fjor. Ikkje før i slutten av januar kom det ei «kunngjering» i form av ein lekkasje. Obersten var Sergej Mikhailov, han var nestsjef for avdelinga for datatryggleik i organisasjonen. Majoren heiter Dmitrij Dokutsjajev og arbeidde i den same avdelinga.

Det dei er sikta for, er at dei hadde hakka seg inn på data-adressa til statsminister Dmitrij Medvedev, visestatsminister Arkadij Dvorkovitsj og nokre andre. Novaja Gazeta skriv at dei alt for ti år sidan hakka seg inn på viktige adresser i Estland. (Der gjekk heile datanettet i svart for ti år sidan under krangelen om flytting av eit sovjetisk minnesmerke frå sentrum i Tallinn til ein park utanfor byen). Dei kom seg òg inn på andre adresser og dreiv utpressing: «Datamaskina di tek til å verka att om du betaler ei lita avgift».

Det som dei russiske avisene spekulerer på, er om Mikhailov òg var mannen bak datainnbrotet hos både det demokratiske og det republikanske partiet i USA. Novaja Gazeta hevdar at styresmaktene kom på sporet etter at Mikhailov og folk i krinsen hans hadde skrytt av slike prestasjonar. Om det er sant, er det ikkje vanskeleg å skjøna at amerikanarane var svært diskré da det vart spørsmål om dei hadde gode nok kjelder for påstandane om at Kreml stod bak datainnbrota i USA.

Men Novaja Gazeta har eit namn til: Dmitrij Alperovitsj var ein russisk dataekspert som emigrerte til USA for om lag tolv år sidan. Han leier eit datadetektivfirma som heiter Crowdstrike. Det vurderer trugsmål mot datasystem. Ein annan amerikansk ekspert, Brian Krebs, har skrive mykje om han, og det seinaste frå Krebs på nettet stod no tysdag morgon. Det galdt innbrot i datasystemet til tolv internasjonale hotellkjeder. Så det krev tid om ein skal fylgja med.

Det er ingen reklame for det demokratiske partiet i USA at russarar braut seg inn i datasystemet. Men det er det heller ikkje for den russiske tryggingstenesta at nestsjefen vert arrestert – om no den historia er sann. Men det at ho vart halden hemmeleg i mest to månader, seier kanskje sitt?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement