JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Meldingar

Datafolk som duger

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
3710
20170217
3710
20170217

I Trump-ståket har ein russisk dataskandale gått under radaren i det meste av vestleg presse. Seks dataekspertar i den russiske tryggingstenesta FSB – det ikkje-sovjetiske namnet på KGB – er arresterte, to av dei sikta etter den russiske landssvikparagrafen. Som vanleg er i så delikate saker, er det få andre enn Moskva-avisa Novaja Gazeta og radiostasjonen Moskvas Ekko (Ekho Moskvy) som har ofra plass og tid.

To av dei, ein oberst og ein major, fekk ein sekk over hovudet og vart førde ut or salen av handfaste folk under eit møte i leiargruppa i FSB ein av dei første dagane i desember i fjor. Ikkje før i slutten av januar kom det ei «kunngjering» i form av ein lekkasje. Obersten var Sergej Mikhailov, han var nestsjef for avdelinga for datatryggleik i organisasjonen. Majoren heiter Dmitrij Dokutsjajev og arbeidde i den same avdelinga.

Det dei er sikta for, er at dei hadde hakka seg inn på data-adressa til statsminister Dmitrij Medvedev, visestatsminister Arkadij Dvorkovitsj og nokre andre. Novaja Gazeta skriv at dei alt for ti år sidan hakka seg inn på viktige adresser i Estland. (Der gjekk heile datanettet i svart for ti år sidan under krangelen om flytting av eit sovjetisk minnesmerke frå sentrum i Tallinn til ein park utanfor byen). Dei kom seg òg inn på andre adresser og dreiv utpressing: «Datamaskina di tek til å verka att om du betaler ei lita avgift».

Det som dei russiske avisene spekulerer på, er om Mikhailov òg var mannen bak datainnbrotet hos både det demokratiske og det republikanske partiet i USA. Novaja Gazeta hevdar at styresmaktene kom på sporet etter at Mikhailov og folk i krinsen hans hadde skrytt av slike prestasjonar. Om det er sant, er det ikkje vanskeleg å skjøna at amerikanarane var svært diskré da det vart spørsmål om dei hadde gode nok kjelder for påstandane om at Kreml stod bak datainnbrota i USA.

Men Novaja Gazeta har eit namn til: Dmitrij Alperovitsj var ein russisk dataekspert som emigrerte til USA for om lag tolv år sidan. Han leier eit datadetektivfirma som heiter Crowdstrike. Det vurderer trugsmål mot datasystem. Ein annan amerikansk ekspert, Brian Krebs, har skrive mykje om han, og det seinaste frå Krebs på nettet stod no tysdag morgon. Det galdt innbrot i datasystemet til tolv internasjonale hotellkjeder. Så det krev tid om ein skal fylgja med.

Det er ingen reklame for det demokratiske partiet i USA at russarar braut seg inn i datasystemet. Men det er det heller ikkje for den russiske tryggingstenesta at nestsjefen vert arrestert – om no den historia er sann. Men det at ho vart halden hemmeleg i mest to månader, seier kanskje sitt?

Er russarane så dyktige, da? Eg har eit minne om ein kjenning i Moskva. Han heitte Sjakhsubajev og var på min alder. Han stelte med kybernetikk, som det heitte den gongen. Eg spurde han ein dag kor langt framme russarane var, og han meinte at «vi ligg ein generasjon etter amerikanarane i praktisk bruk (ein generasjon var rekna som fem år på den tida), men teoretisk har vi nok eit lite forsprang». Han var opposisjonell, og KGB interesserte seg meir for han enn triveleg var. Men han var så pass til russisk patriot at eg tenkte det var best å «slå av litt for kjentfolk».

Da Gorbatsjov kom til makta, utvandra han til England og starta eit datafirma i London. Etter nokre år var han mangemillionær, like før han døydde av hjartesvikt. Mange russarar av den årsklassa gjorde det da dei var rundt 50. Somme hjelpte godt til med alkohol, men ikkje Sjakhsubajev.

For oss som vart fødde i 1940, var det betre å ha dei første 15 åra på Inderøy enn å ha dei i Sovjetunionen.

Per Egil Hegge

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det er ingen reklame for det demokratiske partiet i USA at russarar braut seg inn i datasystemet.

Fleire artiklar

Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.

Foto: Marthe Haarstad

Meldingar

Den vanskelege sameksistensen

Rita Paramalingam skriv overtydande om sosial dysfunksjonalitet.

Odd W. Surén

Teikning: May Linn Clement

BokMeldingar
Olav H. Hauge

Olav H. Hauge-dagbøkene

15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»

Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.

Foto: Michael Putland / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Hand-i-hanske-duo

Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.

Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.

Foto: Julie Engvik

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Noko for seg sjølv og noko for kvarandre

Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.

Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ordskifte

«Det dreier seg om å ha eit truverdig forsvar som held fiendar borte.»

Tor OlavHauge

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis