Musikk

Dansk nyskaping

Merkelappane prellar av på dette uttrykket.

Tone of Voice Orchestra vart etablert i 2018.
Tone of Voice Orchestra vart etablert i 2018.
Publisert

Plata med Tone of Voice Orchestra kom på nyåret, men har arbeidd seg nedover i bunken av plater eg burde melda. Likevel har plata surra og gått på CD-spelaren med jamne mellomrom. Tone of Voice Orchestra lagar forunderleg musikk. Med Trinelise Væring og Fredrik Lundin i spissen for eit band skal ein ikkje la seg overraska, men her har dei funne eit konsept som er uråd å setja i bås, men som samstundes er einskapleg og originalt.

Dette skulle eigentleg vera eit prosjektorkester, men debuten på 5E i København var så vellukka at bandet har levd vidare – heldigvis!

Musikken er ei blanding av jazz, world og indiepop, og uttrykket er definert av dei fire vokalistane. Det er ikkje sofistikerte harmoniar som pregar det vokale uttrykket, men ei liketil songglede og ein enorm energi. Av og til går tankane til Le Mystère des Voix Bulgares, men også det kanadiske rockebandet Bruce Peninsula, sjølv om Tone of Voice Orchestra på ingen måte er like tunge på labben rytmisk.

Den tidlause og alt anna enn stadeigne musikken hentar inspirasjon frå mange tradisjonar og himmelstrok, og han står i ein pussig kontrast til tekstane, som kan ha eit skråblikk på kvardagshendingar eller gå meir eksistensialistisk til verks, med korte, usentimentale konstateringar, som i «Typecast»: «I am the hostess of the party/ Sexy wild and super hot/ I’m everything you ever dreamed of/ I’m everything that i am not

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement