Dansk dynamittEin fryktlaus debutant smeller til med frisk, frekk og fargesprakande ungdomsfilm.FESTIVALFILM

Ein fryktlaus debutant smeller til med frisk, frekk og fargesprakande ungdomsfilm.

Åtte veninner poserer og filosoferer.
Åtte veninner poserer og filosoferer.
Publisert

Åtte veninner i tenåra vil gjere det meste ut av sommaren då ungdomsklubben skal stenge. Dei driv rundt og pratar med kvarandre og kamera. Ei heimespøta utstilling skal sikre at dei stengjer med ein smell. Dette er filmen kritikarar har kasta lovord etter sidan premieren i Venezia med referansar til Skam, Lukas Moodyson, Harmony Korine og Jean-Luc Godard.

Teenage Kicks

Orkanen Team Hurricane kastar tusen tema mot deg, nokre tullete og andre gravalvorlege. Depresjon, sex, sexisme, samhald og einsemd gjev tyngde mellom tyggjegummi og kakao. Jentene poserer og filosoferer. Tant og fjas er rørt saman med fin djupn. Jentene sparkar freidig oppover mot det heteronormative patriarkatet. Den danske debutanten Annika Berg vekkjer mange tankar rundt ungdomsliv og eksperimenterer artig med mockumentarsjangeren. Filmen er ikkje feilfri, men heller aldri keisam.

Frisk og ny

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement