Musikk
Danserekkjer
Nils Anders Mortensen spelar Bachs «klaverpartitaar» på moderne flygel.
J.S. Bach-statuen utanfor Thomaskyrkja i Leipzig.
Foto: Sjur Haga Bringeland
På same måten som ortografien ikkje var standardisert på 1700-talet, kunne éin og same tingen òg ha mange ulike nemningar. I musikken merkar ein det på måten ulike musikalske former blei omtalte på. Rekkjer av dansesatsar blei som regel kalla «suitar». Men dei kunne også kallast «ouverturar» (med namn etter opningssatsen, som ofte var ein ouverture). Eller dei blei kalla «partitaar», noko som er tilfellet i Johann Sebastian Bachs (1685–1750) Seks partitaar for klaver, BWV 825–830. Samlinga, som også går under namnet Clavierübung I, blei utgjeven som «opus 1» på eige forlag av Bach i Leipzig i 1731.
Omstendeleg
Partita nummer 1, 5 og 6 har den norske pianisten Nils Anders Mortensen no spelt inn på plate. Han nyttar moderne konsertflygel, og ikkje cembalo, som var det vanlegaste klaverinstrumentet på Bachs tid. Generelt sett føretrekkjer eg å høyra slike franske dansesatsar på originalinstrument, noko som delvis har med måten ein «bryt» akkordane på å gjera, men særleg med ornamenta. Dei langsame satsane er fulle av ornament som inneheld mange tonar, men likevel skal spelast som éin melodisk figur, framført som éin retorisk gestus.
Slikt er lettare å få til på cembalo. På moderne klaver tek liksom ornamenta for mykje plass: Dei blir fort overtydelege og omstendelege, dei skiplar den melodiske framdrifta i frasen og mister slik «garnityrfunksjonen» dei bør ha. Likevel skal det seiast at Mortensen får det temmeleg bra til i si Bach-tolking. «Sarabanden» er den langsamaste satstypen i partitaane. Sarabanden i Partita nr. 1 i B-dur har fin flyt både i hovudmelodien og i dei små, utsmykkande løpa som prydar han. Trillane er derimot meir problematiske. Ein kan jo ikkje lasta Mortensen for at han spelar på det instrumentet han gjer, men på flygelet læt trillene litt for mykje som maskingeværknatring. Det har med snøggleiken dei blir spelte på å gjera, og med lydstyrken. I snøgge satsar høver slike knatrande triller betre.
Fine fugar
I partitaane sine nyttar Bach hovudsakleg ei fransk form, men stilen i einskildsatsane er ofte like mykje italiensk som fransk. Og så kjem det rett som det er botnsolide tyske fugar, gjerne under satsnamnet «Gigue».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.