Dansar med bulgarararMeisterlege miljøskildringar og klassiske konfliktar skapar topp tysk drama.DRAMA

Meisterlege miljøskildringar og klassiske konfliktar skapar topp tysk drama.

Den bulgarske bygda lir av arbeidsløyse og fråflytting, men rommar eit mangfaldig typegalleri.
Den bulgarske bygda lir av arbeidsløyse og fråflytting, men rommar eit mangfaldig typegalleri.
Publisert

Ei gruppe tyske arbeidarar reiser til Bulgaria for å byggje vasskraftverk. Dei kjem med teknologi og testosteron. Det blir fort gnissingar når leiaren Vincent (Wetrek) driv dum flørting som alt anna enn sjarmerer ei lokal dame. Hovudfiguren Meinhard (Neumann) skular skeptisk på opptrinnet. Snart finn han ein hest og rir inn til landsbyen. Dramaet driv rundt han som sklir mellom to miljø.

Å tolke mannfolk

Omgjevnadene og miljøa i Western er forfriskande sjeldne for norsk kino. Den bulgarske bygda lir av arbeidsløyse og fråflytting, men rommar eit mangfaldig typegalleri. Den tyske mannsbastionen er supert skildra. Mellom Meinhard og Vincent veks ein stille, men sterk maktkamp. Som i klassiske cowboyfilmar duellerer alfahannar med blikk. Vold er mindre vanleg, men vakar stendig nære overflata.

Meinhard Neumann har ein fantastisk framtoning. Han er hengslete, høg, tynn og senesterk, med markert bart og store, rolege auge. Regissør Valeska Grisebach hanka han herleg nok inn på rideshow, kanskje fordi han minner om Lee Van Cleef. Debuten hans er drivande god. Figuren er ein taus og barsk kar med uklar fortid.

Mange samtalar går mellom folk som ikkje forstår kvarandre. Det er øyreopnande og stundom morosamt. Unge Vyara kan tysk og står høgt i kurs både som tolk og flott kvinne. Ho er ein fasinerande nøkkelfigur som kunne fortent ein eigen film.

Godt blod i Austen

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement