Film

Dagens Dumbo

Tim Burton pakkar Disneys Dumbo i moderne maske med publikumspotensial.

Den dataanimerte elefanten Dumbo anno 2019 er eit barn av si tid.
Den dataanimerte elefanten Dumbo anno 2019 er eit barn av si tid.
Publisert

Disney drar på med all økonomisk tyngd og fråvær av fantasi og lagar gamle filmar om igjen. Den elskverdige, flygande elefanten Dumbo frå 1941 har fått ny drakt av i dag av Tim Burton. Tradisjonen tru viser storregissøren kjærleik til frikarar. No er menneska meir med, og endra struktur gjev plass til stjerner i sentrale roller. Nyinnspelinga kan appellere breitt.

Nostalgi

Var du 14 år i 1992, blir du nostalgisk av at Batman-Burton lagar film med Danny DeVito og Michael Keaton. Vi får dessutan direkte utdrag frå dei originale teiknefilmscenene mellom det menneskelege dramaet om familie og mot, showbusiness og utnytting. Barn er røyndas røyst. Dei er opne for noko annleis utan dumme fordommar og fjas. Elefanten med dei store øyra vil alltid vekkje varme kjensler. Når Dumbo først flyr, kjem ein gledesrus.

Nytt stoff

Dumbo anno 2019 er eit barn av si tid. Den dataanimerte elefanten nyt godt av ny teknologi og er sjelfullt animert, sjølv om storslagne studiorammer ikkje er like sjarmerande som dei klassiske teikningane frå førtitalet. Disney har rista av seg klare rusreferansar og rasistiske detaljar frå førtitalet og held seg med politisk korrektskap med mangfald i periferien. Den store, sterke, svarte mannen driv rekneskap, og Milly (Parker) vil vie livet til vitskap.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement