Musikk

Dagen då Lennon døydde

Ein ny dokumentarserie går i djupna om drapet på John Lennon.

John Lennon (1940–1980).
John Lennon (1940–1980).
Publisert

Kanskje finst det lesarar som ser på datoen i dag og tenkjer: Det var den 8. desember John Lennon vart skoten. Året var 1980, og hendinga, som skaka ei heil verd, er framleis eit vondt minne for dei mange som heldt mannen for ikkje berre å vere ein stor musikar og artist, men også ei viktig progressiv og radikal røyst i si samtid.

No er det mogleg å gå i djupna når det gjeld Lennon-drapet igjen, med dokumentarserien John Lennon: Murder Without a Trial, som har premiere denne veka. Skaparane har framskaffa nye skildringar frå augevitne og fått tilgang til eit rikt dokumenttilfang frå mellom anna politi og distriktsadvokat. Mellom dei som fortel, finst ein drosjesjåfør og ei dørvakt på The Dakota, bygningen der Lennon budde, som begge vart vitne til drapet. Forsvarsadvokaten til drapsmannen Mark David Chapman kjem også til orde, og det same gjer psykiateren som først vurderte han etter hendinga, og menneske som kjende han.

Solid handverk

Serien er regissert av Nick Holt, som tidlegare har stått for The Murder Trial (2013) og Responsible Child (2019), og Rob Coldstream, som før har laga serien Jade: The Reality Star Who Changed Britain (2019), produksjonar som på ulike vis peikar fram mot denne. Handverket er solid og forma konvensjonell, i ei forteljing som ser på hendinga frå ei heil rekkje perspektiv.

Som tittelen antydar, følgde det aldri noka rettssak og heller ikkje noko skikkeleg etterforsking, sidan Chapman, som framleis sonar i fengsel, erklærte seg skuldig (i staden for utilrekneleg, slik mange trudde han skulle). Til sjuande og sist dreier John Lennon: Murder Without a Trial seg nesten like mykje om Chapman som Lennon, og om vanskane med å akseptere at ugjerninga hadde opphav i irrasjonelle motiv og psykisk sjukdom.

Eg skal vedgå at eg har lurt på om Holt og Coldstream hadde von om å finne noko verkeleg nytt i arbeidet med serien, som har romma ein heil del gravearbeid. Dramaturgien, forteljegrepa og estetikken i dei tre episodane er nemleg tidvis bada i ein slags patosfylt true crime-stil, der forteljerøysta (Kiefer Sutherland) med lumsk musikk som bakteppe høyrest ut som om ei eller anna avsløring kan vere rett rundt hjørnet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement