Bok
Da alt gjekk gale
Adam Higginbotham har brukt dei siste 33 åra godt og har snakka med både overlevande og etterlatne etter Tsjernobyl-ulukka.
Utsyn frå helikopter over reaktor 2 i Tsjernobyl kjernekraftverk etter eksplosjonen 26. april 1986.
Foto: Igor Kostin / AP / NTB scanpix
Forfattaren av denne boka, og forlaget, skryter på seg at dette er den historia som til no ikkje har vorte fortald om det som gjekk gale i april 1986, da den store atomkraftstasjonen i Tsjernobyl nord for Kiev eksploderte. Men skryt er det ikkje; det er vel fortent at boka, som kom i fjor, stod på New York Times’ liste over dei ti beste bøkene som vart utgjevne i USA i 2019.
Eit slikt verk må setja spesielle krav til lesaren. For jamvel om Higginbotham er ein god formidlar og ein dugande skribent, kan nokon kvar fastna i dei fallgruvene som lekfolk møter når dei gjerne skulle ha visst litt meir om korleis atomreaktorar fungerer, og kor farleg det kan vera for oss alle når dei ikkje gjer det.
Hemmeleghald
Noko av det sterkaste ved boka er kapitla der det vert vist korleis dei sovjetiske leiarane, med reformatoren Mikhail Gorbatsjov øvst og fremst, surra seg vekk i panikk da omfanget av ulykka smått om senn klårna for dei, og korleis dei reagerte på impuls og refleks etter den gamle oppskrifta: Hald alt hemmeleg når noko går gale, og duger ikkje det, skal du sverja på at lekkasjane om at noko ille har hendt, berre er dikt og bakvasking frå fienden si side.
Denne innarbeidde metoden var hovudgrunnen til at det gjekk over to veker før Gorbatsjov sjølv vart skikkeleg informert. Han hadde styrt Sovjetunionen i vel 13 månader da det small. Hendinga vart eit grunnskot mot reformpolitikken hans, og mot lovnadene om at den nye leiaren var noko heilt nytt i sovjetisk historie: Ope og ærleg ville den nye mannen i Kreml fortelja alle, i inn- og utland, korleis situasjonen eigentleg var – glasnost på russisk.
Som namnet seier, er det styrke i atomkrafta, og etter Hiroshima og Nagasaki i 1945 skjøna også vi lekfolk såpass. Men styrken i avsløringane etter ulykka i Tsjernobyl vart med på å øydeleggja sjølve grunnlaget for sovjetstaten, som ikkje overlevde meir enn fem–seks år til. Det var knusande da det ikkje lét seg løyna at dei sovjetiske atomreaktorane var for dårlege og for kompliserte, at korkje sikringstiltaka eller opplæringa dugde. Og når andre og minst like katastrofale hendingar dukka opp frå historia, først og fremst ved gigantanlegget Majak i Ural i 1957 nær 30 år tidlegare, samstundes med at radioaktivt materiale etter Tsjernobyl vart spreitt ikkje berre i store delar av Sovjetunionen, men i Vest-Europa frå Helgeland til Spania, og når dei første rapportane kom frå ekspertar i Sverige, sprang ei demning som propagandaapparatet i Moskva ikkje kunne hanskast med.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.