Bok

Cuba lukkar seg

Den fremste styrken i boka ligg i krafta som vitnesbyrda har som kompromisslause bilde av det cubanske presens.

Den cubanske presidenten Miguel Diaz-Canel (t.v.) og tidlegare president Raul Castro vinkar til den årlege 1. mai-paraden på revolusjonsplassen i Havanna.
Den cubanske presidenten Miguel Diaz-Canel (t.v.) og tidlegare president Raul Castro vinkar til den årlege 1. mai-paraden på revolusjonsplassen i Havanna.
Publisert

11. juli i fjor braut det ut demonstrasjonar ei rekke stader på Cuba. Taktfaste krav om li-ber-tad – fridom – blei følgde av eit nytt slagord: Patria y vida, fedreland og liv, ei omskriving av tidlegare president Fidel Castros berømte Patria o muerte, fedreland eller død.

«Mellom deg og meg er det ein avgrunn», syng Yotuel i «Patria y vida» – songen som er opphavet til slagordet – der han vender seg til den revolusjonære «avantgarden» i landet. Slik blei han eit talerøyr for ei veksande gruppe cubanarar som krev omfattande politiske endringar på øya.

Ståle Wigs Havanna Taxi. Liv og løgn i det nye Cuba gir oss høve til å forstå den djupe politiske splittinga som Yotuel skildrar. Wig reiste til Cuba i 2015 og var der i halvtanna år for å gjere feltarbeid i samband med ei sosialantropologisk doktorgradsavhandling om Raúl Castros marknadsreformer – og for å skrive bok om dagens Cuba.

Tidspunktet var ideelt, for i april same året hadde Raúl handhelst på Barack Obama, presidenten i USA. Gjennom nye diplomatiske samband med erkefienden i nord var grunnlaget lagt for nye reformer og nye opningar mot verda – og ein ny optimisme.

Deltakande observasjon

Wig går deltakande til verks for å skildre «det nye Cuba». Han kjøper seg ein Buick, 1953-modell, og begynner å køyre drosje. Slik blir han kjent med dei kreative forsøka cubanarane gjer for å resolver – å løyse dei tallause utfordringane i dagleglivet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement