Corona-vaksine
Gerd M. Tinglum: «Corona Schröter (1751–1802) Vassolei, Ranunculus hederaceus, utryddet, 1991». © Tinglum, Gerd M./BONO. Gerd M. Tinglum: «Corona Schröter (1751–1802) Vassolei, Ranunculus hederaceus, utryddet, 1991». © Tinglum, Gerd M./BONO.
Foto: NasjonalmuseetFoto: Nasjonalmuseet
Det er sørgjeleg at nokre ørsmå virus har fått lov til å skjemme eit godt ølmerke, så vel som eit av dei vakraste kvinnenamna eg veit om. Så her er eit forsøk på å tilføre meir positive konnotasjonar i desse sjukdomstider.
Den norske konseptkunstnaren Gerd Tinglum har laga eit vakkert portrett av den tyske songaren, komponisten og tekstforfattaren Corona Schröter. Schröter var kjend i samtida, mellom anna for musikken ho laga for omgangsvennane Friedrich Schiller og Johann Wolfgang von Goethe. Men slik tilfellet ofte er med kvinnelege stortalent, vart ho gløymd så snart ho døydde.
Derfor har Tinglum innlemma Corona Schröter i serien Usynliggjorte, utryddede og truede arter 1991, med 30 kvinneportrett utførte i den grafiske teknikken silketrykk. For å understreke kor lettforgjengelege kvinners merittar vert i ei historieskriving der menn har ført pennen, har ho lagt ei plante over ansiktet hennar – ein art som vart utrydda i Noreg i 1950-åra.
Måten den vakre kvinna med den imponerande hårpryden vert samanstilt med ein blome på, har store estetiske kvalitetar. Såleis ymtar Tinglum om at kvinnene vert nett det – reduserte til venleik og pryd. Men når vi ser nærare på verka, innser kven som er avbilda og kva plante vi har føre oss, får dei stor slagkraft. Denne genialt elegante symbolbruken og den treffsikre utforminga er noko av grunnen til at serien er rekna som eit hovudverk og innkjøpt av Nasjonalmuseet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.