Musikk
Coolt og kult frå Cirrus
Chorale er ei spanande andreplate frå eit særprega stavangerband.
Det er ni år sidan Cirrus lét høyra frå seg på plate. Debuten Méli Mélo (2013) vekte oppsikt blant kritikarane. Kor mykje kvartetten har fått høve til å spela saman dei siste åra, har eg ikkje peiling på, men uttrykket er klarare definert enn på debutplata, og samspelet og hand-i-hanske-arrangementa tyder på at dei har jobba saman jamleg.
Alle dei ni komposisjonane er signerte medlemene i bandet. Uansett tempo er det noko distansert og tilbakehalde i uttrykket. Temaa er prega av ein sær venleik med fleire innslag av minimalisme. Klang- og uttrykksregisteret er sterkt utvida med at Haugen denne gongen også spelar piano. Kor verknadsfullt dette er, høyrer ein til fulle på Breisteins «Dominoes», der komponisten verkeleg får utfalda seg og syner at han har utvikla seg til ein tenorsolist med særpreg.
Onarheim og Brækhus har utvikla eit neddempa, men pulserande komp der Onarheims varme, men distinkte basstone smeltar perfekt saman med Brækhus’ trommestil, der tammane er heilt sentrale. Det er ein sann svir å høyra dei i den slentrande «Up up up».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.