Film
Cine Cuba
Stjernene frå Jordbær og sjokolade skapte god gamal festivalstemning i eit kriseprega Havanna.
Mirtha Ibarra spelar hovudrolla som Iluminada og Roberto Perdomo har rolla som mannen hennar i filmen til Jorge Perugorría.
Den Oscar-nominerte cubanske filmen Jordbær og sjokolade frå 1993, av Tomás Gutiérrez Alea og Juan Carlos Tabío, er nok den best kjende filmen frå Cuba, med rørande kritikk av rammene for kunst og seksualitet under Fidel Castro.
Regimet og cubansk film hanglar vidare. På filmfestivalen i desember er køane ein brøkdel av det dei ein gong var, men stjernene frå Jordbær og sjokolade fylte salen og hausta mykje lått og applaus undervegs for Neurótica anónima (Anonym nevrotikar) av Jorge Perugorría.
Hyllest
Han spelte den skeive intel-lektuelle Diego i klassikaren frå nittitalet. No stilte han med ei mengd glade kollegaar. Alle skranta etter å ha vore sjuke med chikungunya, viruset som har ramma hardt i haust.
Legenda Mirtha Ibarra kom nærast rett frå sjukehuset. Ho hadde ei sentral rolle i dramaet til Alea og Tabío. No har ho skrive manus saman med Perugorría og spelar hovudrolla Iluminada i den nye filmen deira.
Ho er kinovert på kinoen Cine Cuba, som må stengast, med oppussing som ein fjern draum. Filmentusiasten blir rasande. Ho og kollegaane ser klassikarar i kinosalen og kastar seg i gang med å lage ein dokumentarfilm. Dei hyllar filmhistoria, cubansk film og kinoen. Eg kosar meg.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.