Film
Cannes kom att med knall
CANNES: Etter ein avgrensa festival i fjor er verdas viktigaste filmfestival for alvor tilbake.
Regissøren Charlotte Wells byr på eit gullkorn, meiner Håkon Tveit, som rosar unge Frankie Corio i hovudrolla. Faren blir spelt av Paul Mescal.
Foto frå filmen
Filmverda er vedunderleg og vemmeleg. I Cannes finn vi alt. Då oppfølgjaren til den påkosta militærrekrutteringsvideoen Top Gun (1986) hadde premiere på croisetten sist onsdag, flaug fem jagarfly over palasset og farga himmelen i raudt, kvitt og blått for å feire Tom Cruise og gjengen.
Det var vulgært. Men det er mykje vakkert å sjå i kalde kinosalar skjerma frå den gilde middelhavssola.
Rævhol frå Oslo
Noreg har igjen film i det offisielle programmet. Den kjekke komedien Syk pike av Kristoffer Borgli har litt til felles med dei frankofile og Oslo-kjære trekka til Joachim Trier, som har vore fleire gonger i Cannes. Til forskjell frå hans film frå i fjor handlar faktisk Syk pike om verdas verste menneske. Den store skodespelaren Kristine Kujath Thorp og kunstnaren Eirik Sæther spelar to gedigne dritsekker. Dei tek støtt dei vala som skal tene dei sjølve, ofte i irritasjon over at nokon har hamna i godt ljos.
Borgli køyrer på med stendig drygare saker. Thorp får vist det komiske talentet vi såg i Ninjababy. Filmen har islett av dei ekle situasjonane ein kjenner frå Ruben Östlund, som i år har ein film lagd til ein sånn yacht ein ser i Cannes, og figuren til Thorp er ein meir usympatisk og talentlaus slektning av Gritt, frå ein annan flott fjorårsfilm.
Figuren hennar tek vel vitande eit rusmiddel som øydelegg huda i von om å få sympati og få ei rørande magasinsak med mange klikk. Typen stel stolar til kunstprosjekta sine. På Rivieraen går det rykte om at slikt skjer i hovudstaden. Skamlause Borgli har med ein figur i filmen med ei Cannes-trøye for å smiske med festivalen han helst vil ha premiere på. Det fungerer.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.