Byråkratietpå museum

Håkon Bleken: «Bøddelen», kol på papir.
Håkon Bleken: «Bøddelen», kol på papir.
Publisert

Eg har budd i Bergen i mange år og reknar meg for å vere lommekjend der. Sjølv om det er fleire år sidan, kan eg finne dei ulike musea ved Lungegårdsvannet i blinde. Men no vart eg forvirra. Eg ville sjå utstillinga J.C. Dahl – Naturens Kraft før opningstid, og fekk per e-post beskjed om å møte opp ved KODE 2. Eg tenkte dette var ein kontorbygning, og fekk ein løpetur frå det eine bygget til det andre, brått var alt så framandt. Endeleg innsåg eg at KODE 2 var det nye namnet på den tidlegare Stenersensamlingen. Det var først då at eg verkeleg tok innover meg av at den kjende perlerada av museum i hjarte av Bergen er anonymisert til KODE 1, 2, 3 og 4.

Ein kan lure på kva dei tenker på, når ein tek eit slikt grep.

Og dei har fått god plass i kodebygga sine. Det er langt mellom nymonteringane i dei tidlegare så pulserande og dynamiske musea. Situasjonen er slett ikkje unik. Stadig fleire museum vert underlagde såkalla «museumsfamiliar». Det krevst mykje meir administrasjon for å styre samanslåingane, som femner om både svært ulike fagområde og store geografiske areal. Resultatet er ei byråkratisering som tek stadig strammare kvelartak på museumsverda.

Medan byråkratiet er styrt etter reglar, må kunsten bryte med dei. Om ikkje musea står frie til å ta sjansar, og om dei er livredde for å bli slakta i avisene eller få lite publikum, vert det skapt lite nytt. Det er ei kjennsgjerning at det som til er nytt i kunsten, sjeldan vert ein rask braksuksess. Det er nettopp motstand som er kjenneteikn på nye erkjenningar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement