Bok
«Byen e Bergen»
Kristian S. Hæggernes opphevar skiljet mellom novelle og roman.
Kristian S. Hæggernes debuterte med ei diktsamling i 2004.
Foto: Eva Lene Gilje Østensen
Fotballspillet og andre fortellinger er den ellevte tittelen frå Kristian S. Hæggernes sidan debuten i 2004. Han starta med fleire fine, reflekterte og lett melankolske diktsamlingar før han gjekk over i prosaen og fann stoffet sitt og forma si i skildringane av eit nabolag i Bergen. Der er oppvekst, pubertet, sjenanse og ein kvernande sjølvrefleksjon berande element i ulike forteljingar med eit persongalleri som blir flytta rundt og bunde saman på kryss og tvers frå dei var barn på 1980-talet til dei i dag er godt vaksne, gutar og jenter, kvinner og menn.
Under eitt dannar dette ein novelleroman med ulike forteljarstemmer, slik tilfellet også var med Ida og Oda (2017), og folk frå tidlegare bøker dukkar også opp i periferien i årets bok, både Ida og Oda og Njål frå Fettere & kusiner (2015).
Kort roman
Tittelnovella kunne like gjerne passere som ein kort roman på vel hundre sider, og her tematiserer Hæggernes det som går igjen i mykje av forfattarskapet: angsten for å forlate guterommet, angsten for å bli vaksen, angsten for å miste kontrollen i sosiale samanhengar. Dette kompenserer forteljaren gjennom eit fotballspel han fekk som tolvåring, der han kan spele kamp etter kamp, cup og serie i fleire divisjonar med opp- og nedrykk, slik at det verkelege livet blir ei fantasiverd han kjenner seg trygg i, og der utanforskapet blir til å bere.
Men alt raknar i overgangen frå U. Phil (vidaregåande skole) til ex.phil. saman med ei innkalling til sesjon, som betyr at han må forlate det trygge guterommet.
Fleire av personane har liknande oppheng, ikkje berre i fotball, men i dinosaurar, Donald-blad, leiketraktorar – ting som tar fokuset bort frå det dei fryktar mest av alt, og samtidig lengtar etter: å bli vaksen, finne ein kjærast, å bli del av noko større. Dette turnerer Hæggernes med stil og eleganse, morosamt, slentrande, sjølvreflektert og med syrlege kommentarar retta mot mobbarane som er der heile tida og får ein til å gå omvegar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.