Teater

Brutale Bergman

Menneskeskildringane til meisteren svir godt enno.

Vivi Sunde spelar mor (bak) og Johanna Mørck dotter i Bergman-stykket på Teatret Vårt i Molde.
Vivi Sunde spelar mor (bak) og Johanna Mørck dotter i Bergman-stykket på Teatret Vårt i Molde.
Publisert

Filmane og historiene til Ingmar Bergman er kan hende ikkje for ein kvar smak. Det høyrer ein av og til. Men at han vart eit verdsnamn og sette ein ny standard for seriøs filmkunst, er det vanskeleg å sjå bort i frå, sjølv for mislikarane. Ein del av dei mest nærgåande filmforteljingane hans har synt seg å tole godt overgangen til teaterscenen. Han var jo i høg grad òg ein teatermann. Høstsonaten, eit av dei siste sujetta hans, er eit av dei jordnæraste og mest direkte i forteljarstilen. Samstundes er det svært typisk Bergman, putrande av kjærleikshat, med avgrunnar av lengt, svik og vonbrot.

Teatret Vårt i Molde har valt å feire Ingmar Bergman ved 100-årsjubileet hans med nett Høstsonaten. Framsyninga deira er òg ei hylling til skodespelaren Vivi Sunde, som med dette dreg seg attende etter 43 år ved teateret. Båe hyllingshøva gjev god grunn til ein tur i teateret.

Forholdet mellom den vaksne suksesspianisten Charlotte og den vaksne dotter hennar Eva faldar seg varleg ut i ein intim setting, som i filmen. Heilt frå starten ser vi den frosne, lett engstelege tilnærminga mellom dei, spela med kjenslevar dynamikk av Vivi Sunde og Johanna Mørck. Alt det innestengte mørkret som ligg hjå ei bitter dotter utan kjærleik og utan kjærleiksevne, trur ho sjølv, og ei mor full av samvitskvalar og trong til sjølvforsvar – alt kjem lag for lag fram, og på underleg vis vert vi vekselvis provoserte av dei båe to. Og vi ynkar dei.

I Thomas Bjørnangers enkle og elegante – og kjølige – scenebilete vert den lågmælte styrken i familiekonflikten tydeleggjort visuelt. Det er hjarteskjerande smerte, òg i dei to støtterollene i stykket: den hjartegode, elskande ektemannen til Eva (Bjørnar Lisether Teigen) og den funksjonshemma systera Lena (Michelle Heedal).

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement