Litteratur

Brutal idealist

Den legendariske barokkfiolinisten Reinhard Goebel har ikkje blitt mildare med alderen.

Det finst absolutte sanningar som me lyt streva etter i musikken, meiner Reinhard Goebel.
Publisert Sist oppdatert

«Så du er frå Noreg? Der var eg ein gong. Eg trur ikkje dei likte meg.» Opningsreplikken fall då eg intervjua Reinhard Goebel i eit av bakromma til Leipzigs konserthus Gewandhaus under Bachfesten i 2013, då han sveitt og oppkava kom stormande inn frå generalprøve med eit finsk barokkorkester. Slemme kommentarar om finnane fylgde, og mange innfule – men ikkje heilt grunnlause – åtak på musikarkollegaar og elevar at berre somme av dei eigna seg på trykk (sjølv om han presiserte at alt kunne prentast, sitatsjekk trongst ikkje.)

Ikkje mildare med alderen

Tolv år seinare lyt eg slå fast at Goebel, fødd 1952, ikkje er blitt mildare med alderen. I Bachfest-intendanten Michael Mauls faste samtaleserie «Maul møter...» synte denne epokegjerande barokkfiolinisten, som i 1973 grunnla ensemblet Musica Antiqua Köln, seg stridlynt som aldri før – ikkje etter regla «alt var betre før», snarare «eg veit framleis best». Dagens barokkmusikarar spelar kanskje på eit høgare teknisk nivå enn på 1970- og 80-talet, men dei «er ikkje lenger vitelystne og sjølvstendige». Dei går ikkje til primærkjeldene for å læra seg historisk framføringspraksis og kunnskap om verka, men står fram som «simple handverkarar som apar etter førebileta sine via Spotify og YouTube». Dagens musikarar er «95 prosent godsvogner og berre 5 prosent lokomotiv», som han uttrykte det. Særleg franskmennene «har ein hang til det middelmåtige».

Paradokset ligg i at musikkprofessoren krev nett dette av elevane sine ved musikkhøgskulen Mozarteum i Salzburg: Fylgjer dei ikkje Goebels tolkingsinstruksar 100 prosent, blir dei kasta på dør. «I alle dei åra eg har undervist der, har eg berre hatt to gode elevar», fekk me vita.

Absolutte sanningar

På Mauls spørsmål om estetikken hans har endra seg gjennom åra, om han med alderen tenkjer annleis om korleis koryfear som Bach, Händel og Telemann bør tolkast, kom svaret kontant: «Nei. Musikken er ein intellektuell disiplin, ein danningsprosess, og eg er den same som då eg var 20, berre klokare.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement