Brotne ribbein og sprokne lepper

Margo Cilker har laga eit framifrå debutalbum.

Margo Cilker har ei eiga evne til å balansere det som verkar autentisk sjølvopplevd og nært, med eit eige blikk for lagnadene ho har møtt eller høyrt om på sin veg.
Margo Cilker har ei eiga evne til å balansere det som verkar autentisk sjølvopplevd og nært, med eit eige blikk for lagnadene ho har møtt eller høyrt om på sin veg.Margo Cilker har ei eiga evne til å balansere det som verkar autentisk sjølvopplevd og nært, med eit eige blikk for lagnadene ho har møtt eller høyrt om på sin veg.
Publisert

Americana

Det skadar ikkje å ha vore farande fant når ein skal setje nye ord og tonar til verda, for kor mange låtskrivarar har vel ikkje gjort bruk av råstoffet dei har funne på sine reiser, i songane sine? Og farting har det vore mykje av på Margo Cilker, som vaks opp i California, bur i Oregon, og dei siste åra store delar av tida har vore rundt om både i heimlandet og på vår side av Atlanterhavet, i Baskarland. Denne vedvarande rørsla har sett spor etter seg fleire stader på albumet Pohorylle – mellom anna i tittelen, som er fødenamnet til fotografen Gerda Taro, kjend for bileta sine frå den spanske borgarkrigen i 1937.

Jordnær americana

Alt dette kjem fram i presseomtalen som følgjer utgivinga. Albumet har gjennomgåande fått flotte kritikkar, der mange nemner Gillian Welch som ein referanse, andre The Band – sistnemnde kanskje mest på grunn av den enkle, grunnleggjande instrumenteringa, med gitarar, tangentar og flott felespel her og der. Det dreier seg om jordnær americana, ein elegant minimalisme der det ikkje er plass til meir enn det som trengst i lydbiletet.

Det er eit musikalsk uttrykk som passar godt til Cilkers røyst og songpoesi, som verkeleg vitnar om ein artist med svært godt grep om tekstane. Ho har ei eiga evne til å balansere det som verkar autentisk sjølvopplevd og nært, med eit eige blikk for lagnadene ho har møtt eller høyrt om på sin veg, noko som gjer at reiseskildringa i «Broken Arm in Oregon» eller rastløysa i «Flood Plain» får noko allment og gripande over seg. Og så kan ho vere herleg sarkastisk og rammande, som på «Brother, Taxman, Preacher», som harselerer med alskens velmeinande moralistar som veit betre enn du kva du skal gjere og ikkje gjere.

Forfrose vinterlandskap

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement