Teater

Brontë som interaktivt barneteater

Feministisk klassikar blir som teater meir til lått enn til aktualisering.

Heidi Goldmann, Thorbjørn Harr, Helene Naustdal Bergsholm og Kjersti Tveterås i samspel.
Heidi Goldmann, Thorbjørn Harr, Helene Naustdal Bergsholm og Kjersti Tveterås i samspel.
Publisert

Jane Eyre av Charlotte Brontë, merkesteinsverket frå 1847, er rekna som verdas mest lesne engelskspråklege roman. Dei fleste av oss har vel vore borti historia om denne fattige, sosialt utsette jenta som rankt og heiderleg, og utan å gå over lik, fann seg ei fortent plattform i livet. Det har vore filmar, TV-seriar, høyrespelseriar med meir. For underteikna var faktisk første møtet med Jane Eyre i teikneseriebladet Illustrerte klassikere. Teaterversjonar har det òg vore, men på ei norsk scene er det faktisk over hundre år sidan sist (jf. Stavanger Faste Scene i 1917).

Det må difor reknast som eit originalt repertoarval når Nationaltheatret no hentar sujettet fram att. Og forviten blir ein jo på motivasjonen. Kvifor nett denne historia, i Noreg, i dag? Ei sceneframstilling à la Illustrerte klassikere er det sjølvsagt ikkje blitt, sjølv om innhaldet er gjenkjenneleg nok.

Ironisk metanivå

Framsyninga på National­theatret etablerer eit distansert, ironisk metanivå på det heile frå fyrste augneblink. Det byrjar med at hovudpersonen Jane (Kjersti Tveterås) kjem fram på rampen og aktiviserer publikum til å herme lydkulissar. Som åskodarar er vi ulike når det gjeld å setje pris på den slags. Nokre finn det morosamt, for andre er det berre barnsleg. Likar ein det ikkje, kan ein straks slå frå seg å sjå dette stykket, for det interaktive er nærast ein raud tråd i framsyninga.

Og dei dramatiske vendepunkta i stykket vert fort dregne over i komiske gags, med skamlaus flørteadressering til publikum. Når helten i romanen, Mr. Rochester (Thorbjørn Harr), introduserer seg, er hesten han rid inn på, ein turnbukk. Veslejenta Adele, som Jane Eyre skal vere guvernante for, vert spelt av ein høg og tynn vaksen skodespelar (Helene Naustdal Bergsholm) og er vorten ein gjennomført burlesk-komisk figur. Det same gjeld for dei andre rollefigurane, sjølv den i boka mystiske og halvskumle Grace Poole er her berre komisk. Heilt bortskusla er skrekkhøgdepunktet med den ukjende kvinna i tårnet. I det heile er alle dei store utfordringane og påkjenningane unge Jane Eyre vert utsett for, reduserte til karikerte sketsjar. Det gjev ikkje hovudkarakteren særleg jordbotn å stå på.

Nyanserikt uttrykk

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement