Musikk

Bronse til Bach

Kven var J.S. Bachs to rivalar til stillinga som thomaskantor i 1723?

Thomaskyrkja, J.S. Bachs arbeidsstad som kantor gjennom 27 år. Koparstikk frå 1749
Thomaskyrkja, J.S. Bachs arbeidsstad som kantor gjennom 27 år. Koparstikk frå 1749
Publisert

Leipzig 1723. For somme kan dette verka som ein temmeleg traust albumtittel. Men for Bach-interesserte er han mykjeseiande. Dette året for 300 år sidan flytte nemleg Johann Sebastian Bach (1685–1750) til Leipzig, der han overtok som kantor i Thomaskyrkja og musikkdirektør for byen. (Les meir om 300-årsjubileet i festspelbrevet frå Leipzig på sidene 28­–29.)

Klanglege vitnesbyrd om den innvikla tilsetjingsprosessen blir presenterte av vokalkvartetten Ælbgut og barokkensemblet Capella Jenensis på eit album der programmeringa er like ypparleg som musiseringa. Lyttinga er ein fest – særleg for den som parallelt les essayet i omslagsheftet, skrive av den renommerte Bach-forskaren Michael Maul.

Kandidat nr. 1

Sjølv om Bach i dag ragar høgast i den lutherske kyrkjemusikken, var det var langt frå sjølvsagt at nett han i 1723 skulle overta thomaskantoratet, den mest prestisjefulle tyske kyrkjemusikarstillinga. I innstillinga som Leipzigs byråd sette opp over føretrekte kandidatar, rangerte han nemleg på tredje plass.

Favoritten var Georg Philipp Telemann (1681–1767), Tysklands mest populære komponist. Som alle kandidatar måtte han fyrst gjennom ein audition med to spesialkomponerte og offentleg framførte prøvekantatar. Ich muß auf den Bergen weinen und heulen, TWV 1:591, syner Telemann på sitt mest moderne: Altarien i byrjinga, som blir sungen med behageleg røyst av kontratenoren Stefan Kunath, har uttrykksfulle melodiar i elegant, tredelt takt. Soloinstrumentet tverrfløyte, den tids moteinstrument par excellence, får utfalda seg virtuost i hendene til Ulrike Wolf, særleg i sopranarien, som grensar til ein fløytekonsert.

Kandidat nr. 2 og 3

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement