Bok

Briljant av Hæggernes

Ni stramt komponerte noveller som samla blir ein laust komponert roman.

Kristian S. Hæggernes har skrive åtte bøker så langt.
Kristian S. Hæggernes har skrive åtte bøker så langt.
Publisert

Når eg les prosaen til Kristian S. Hæggernes, grip eg meg stadig i å sakne eit bykart over Bergen der området rundt Fløyen er avmerkt med gater og vegar og turterreng, for det er i dette området handlinga utspeler seg i årets bok og i det samla forfattarskapet. Og når Hæggernes sjølv bur i nabolaget, blir dette så nær kortreist litteratur ein kan komme utan at det verken blir nærsynt eller lokalpatriotisk.

I årets bok er det ni noveller, eller forteljingar, der den lengste, på 120 sider, godt kan passere som ein kort roman. Dessutan kan alle novellene under eitt lesast som delar av ein roman med skiftande forteljarstemmer og med eit persongalleri som strekkjer seg over fleire generasjonar der hovud- og bipersonar, slekt, venner og naboar blir fletta inn i liva til kvarandre på elegant vis. Denne komposisjonen kan minne litt om Frode Gryttens Bikubesong eller om andre novelleromanar frå dei siste åra, der eg gjerne nemner Joakim Hunnes’ Bøen frå 2015.

Finstilt psykologi

Styrken hos Hæggernes har alltid vore den finstilte psykologien og dei skarpe og småpussige observasjonane saman med ein stille melankoli i skildringa av utanforskap. Han er også god på presise tidsbilde der han fangar inn stemning og mentalitet, og i årets bok er det oppvekst på 1980-talet han turnerer på imponerande vis i tittelnovella «Ida & Oda», ei pubertetsskildring av sjeldan kvalitet. Her møter ein tvillingane Ida og Oda, som er av dei kule i sjuande klasse, saman med Rolf, som er ny i klassen og av den usikre og puslete sorten, men med eit rikt indre liv der fantasiane og draumane både blir trøyst og erstatning for det verkelege livet.

Rolf møter vi igjen som biperson i fleire av dei andre novellene, og Ida og Oda dukkar også opp i den siste novella, som to megger i nabolaget. Da har Hæggernes forflytta seg til nær samtid, med ein bitande sarkasme over TV-programmet Luksusfellen der Øystein, Rolfs kompis frå barndommen, får bretta ut livet sitt for heile nasjonen og det nære nabolaget. Det er også verdt å minne om bryllaupsfesten til Øystein og Elisabeth, skildra med klam klaustrofobi av søstera til Elisabeth.

Lengt

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement