Musikk
Brevet på loftet
På tredjeplata har Oregon-duoen The Hackles vorte ein trio.
The Hackles: Kati Claborn og Luke Ydstie har fått med seg Halli Anderson.
Foto: Samuel Gehrke
Det er ei dramatisk scene som utspelar seg i «Angela», den fjerde songen på vårens utgiving frå The Hackles: Forteljaren kjem over eit gammalt, uopna brev på loftet og sprettar opp konvolutten. Brått teiknar det seg eit nytt, omveltande bilete av fortida, som dirrar i det som er her og no. Livet med mennesket i etasjen under er endra for alltid.
Det er ganske flott gjort – og eit framifrå døme på ein type låtskriving som har tydelege novellistiske kvalitetar. Slik sett er det representativt for tekstane til trioen, som er gjennomgåande gode og har vore det på to tidlegare utgivingar: The Twilight’s Calling It Quits (2018) og A Dobritch Did as a Dobritch Should (2019). Det er på høg tid at denne musikken får fleire lyttarar i Noreg.
Vokalharmoniar
På dei tidlegare platene var The Hackles, som held til i Astoria i Oregon, ein duo som bestod av paret Luke Ydstie og Kati Claborn, men med What A Beautiful Thing I Have Made er også Halli Anderson med.
Røystene til dei tre passar uhyre godt saman, og det nye albumet er kjenneteikna av utsøkte vokalharmoniar. Med Anderson er også det musikalske samspelet hakket rikare, når uttrykket no er utsmykka med det fine felespelet hennar – høyr til dømes slutten på songen «Steve».
Som vokalist kan Ydstie minne meir enn berre litt om Sam Beam – eg tippar at lesarar som kjenner musikken til Iron & Wine, vil nikke til denne samanlikninga, og helst før det har gått mange sekunda av What A Beautiful Thing I Have Made.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.