Brev til ein framand

Mads (12) skriv brev til William, sonen til den amerikanske presidenten. «Jeg er som deg. Jeg vet akkurat hvordan du har det», skriv Mads. Han får ikkje noko svar. Han held likevel fram med å skrive.

Dei to gutane er like ved at dei må flytte og byrje på ny skule fordi fedrane har fått nye, viktige jobbar, forklarer Mads. At både presidenten og pappaen til Mads er psykisk ustabile og har grandiose sjølvbilete, er ein meir underforstått likskap.

Barnets lojalitet til dysfunksjonelle foreldre er eit mykje brukt motiv hjå Endre Lund Eriksen. Dette vert skildra i kjent stil, med humor og varsame nyansar.

Brevet som form gjev historia større tolkingsrom. Mads fortel berre kva han høyrer, ser og tenkjer. Forfattaren står løpet fullt ut saman med hovudpersonen sin, utan å ta ein einaste snarveg til den opplagde løysinga.

Figurane til Eriksen finn ofte styrke i venskap. Mads finn i større grad styrke i seg sjølv, òg gjennom det som etter kvart kan lesast som ei terapeutisk skriving til ein brevvenn som ikkje skriv tilbake.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement