JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Meldingar

Brev frå eit løvetannbarn

Det er ikkje vanskeleg å forstå at denne vesle boka har vekt åtgaum.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Emma Reyes døydde i 2003.

Emma Reyes døydde i 2003.

Foto: Olga Lucía Jordán

Emma Reyes døydde i 2003.

Emma Reyes døydde i 2003.

Foto: Olga Lucía Jordán

4427
20190412
4427
20190412

Brev / biografi

Emma Reyes:

Brev fra min barndom

Omsett av Signe Prøis
Cappelen Damm

Dei få som har høyrt om Emma Reyes (1919–2003), kjenner henne som ein colombiansk målar som budde i Paris i størsteparten av sitt vaksne liv. Her og i Italia trefte ho store kunstnarar som Sartre, Pasolini, Moravia og Morante, og ho er særleg hugsa som mama grande for latinamerikanske kunstnarar og forfattarar i Frankrike, og som ein fantastisk historieforteljar. Denne evna vert spegla i desse 23 fargerike, impresjonistiske sjølvbiografiske breva om den brutale og kjærleikslause barndomen hennar frå ho var om lag fire år gamal til ho som 19-åring rømde frå klosteret der ho hadde vore innesperra frå femårsalderen.

I 1969, 50 år gamal, byrja Emma Reyes skrive om dette livet i korte epistlar til ein ven, den colombianske historikaren og forfattaren Germán Arciniegas (1900–1999), som ho trefte i Paris etter at ho kom dit i 1947 med eit kunstnarstipend. Arciniegas var svært oppglødd og samanlikna skrivestilen hennar med stilen til sjølvaste Gabriel García Márquez (1927–2014). Dei fleste breva er skrivne fram til 1972, medan dei siste er 25 år yngre, utan skilnad i intensitet. Etter hennar eige ønske blei dei først utgjevne etter at ho var avliden. Då dei kom ut på spansk i 2012, vart boka straks hylla som ein ny colombiansk klassikar. Ho er omsett til mellom anna engelsk og fransk, og no også til svensk og norsk.

Arbeid og gudsfrykt

Det er ikkje vanskeleg å forstå at denne vesle boka vekte åtgaum. Den usentimentale, detaljerte skildringa av det elendige livet til vesle Emma og storesystera Helena i 1920- og 30-åra gjer sterkt inntrykk. Historia deira byrjar i eit kjellarrom utan vindauge, varme, vatn og ljos i eit slumkvarter i Bogotá. Der bur dei saman med ei streng og hard kvinne, frøken Maria, som både sveltar dei og slår dei, så Emma må gøyme seg i bakaromnen. Når frøken Maria ikkje er heime, blir dei låste inne i kjellarrommet; elles leikar dei på søppeldungen saman med andre slumbarn. Ei tid går det betre, då bur dei i ein liten landsby der frøken Maria styrer ein sjokoladebutikk. Men ho tykkjer barna er ein klamp om foten, og ein dag reiser ho frå dei. Det vert aldri nemnt, men ho er truleg mor deira. Systrene lover kvarandre at dei aldri skal snakke om frøken Maria: Livet deira byrja i klosteret.

Klosterlivet får størst plass i breva; her tar Emma Reyes i blant òg perspektivet til ein vaksen person. Foreldrelause eller overgjevne jenter kunne få mat, klede og tak over hovudet mot å arbeide med prydsaum, klesvask eller reingjering ti­–tolv timar i døgeret i det som nærmast var ein arbeidsleir, administrert av nonnene ved klosteret. Barna fekk lite mat, disiplinen var hard og straffene mange, og religionsopplæringa gjekk mest ut på å lære barna age for djevelen og angst for å synde. Berre dei som ville ofre fridagane sine, kunne lære å lese og skrive. Emma Reyes lærte det først etter at ho kom seg ut av klosteret.

Ufullstendig biografi

Det er ikkje nokon eigentleg framdrift i epistlane frå klosteret, og lesaren veit ikkje alltid kor gamal Emma er, til dømes når ho blir dømt til 30 dagars total isolasjon frå dei andre barna som straff for noko gale ho har gjort. Difor kjem også slutten brått på lesaren. Ein dag har Emma fått nok, ho stel nøklane til hovudporten og låser seg ut av klosteret utan at nokon ser det: «Før jeg begynte å gå ut i verden forsto jeg at det var lenge siden jeg bare var et pikebarn. Det var ingen andre i gaten, bare et par magre hunder, og den ene drev og luktet på rumpa til den andre.»

Her sluttar ho, og ho fortel ikkje korleis det gjekk vidare. Ho har konsentrert seg om den vonde barndomen ho ikkje kunne snakke om. Her ligg nok kimen til den seinare kunstnargjerninga òg gøymt. Men livshistoria hennar er skissert i ein appendiks som kan stette nyfikna til lesaren.

Det verkar som om omsetjaren Signe Prøis har gjort ein god jobb, sjølv om stilen i blant verkar unorsk og ein snublar over samanstillingar som «åndfull mishandling». Men det er all grunn til lese denne merkeleg levande, rørande og diverre stadig aktuelle skildringa av ein traumatisk barndom.

Jorunn Hareide

Jorunn Hareide er professor emeritus ved Universitetet i Oslo og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Den usentimentale, detaljerte skildringa av det elendige livet gjer sterkt inntrykk.

Emneknaggar

Fleire artiklar

HumorFeature

Tre tog på ei øy

Då tre 17. mai-folketog vart til eitt, måtte formannen i komiteen gå.

Maren

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!

Foto: Per Løchen /NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Mat på nasjonaldagen

Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?

Teikning: May Linn Clement

Kultur
Frank Tønnesen

17. mai-pengar

«Mor mi viser meg telefonen og at ho har vipsa Oskar og Tomas. Det er irriterande å sjå på ein mobil som andre held i.»

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis