Bok
Brent barn som ikkje skyr elden
«Fire dager før Benny tok livet av seg, gikk den sytten år eldre mannen min fra meg til fordel for en annen kvinne.» Dette er kjernen i det Åsa Linderborg kallar eit tretten månader langt annus horribilis.
Åsa Linderborg var kulturredaktør i Aftonbladet då metoo kom til Sverige.
Foto: Gyldendal
Åsa Linderborg, historikar, journalist og til i fjor sommar kulturredaktør i Sveriges største avis, Aftonbladet, har gjeve ut dagboka si frå hausten 2017 til hausten 2018: Året med tretten måneder. Ho grev i kjensler og meiningar, dei er ofte motstridande. Vi er i den mest intense metootida, da mektige og kjende menn fekk skuldingar mot seg om seksuelle overgrep og trakassering, og stormen var særleg sterk i Sverige.
«Teaterchef pressade skådespelare till abort för en roll», stod det med krigstypar over heile framsida av Aftonbladet 5. desember 2017. Det er underleg at Linderborg, så vaken og kritisk i metoosamanheng, ikkje minnest kva ho skreiv i oppslaget om Benny Fredriksson, direktør ved Stockholms Stadsteater, når intervjuaren i SVT minner henne om det. «Jeg har ikke bare skrevet det, jeg har dessuten glemt det.» Fredriksson tok sitt eige liv tre månader etter offentleggjeringa av skuldingane. Linderborg erkjenner eit ansvar, og at ho må leva med dette resten av livet. Menneske rundt henne minner om at ei slik handling botnar i meir enn éi årsak.
Privat og personleg
At ho blir kritisert for å ha gått for hardt til verks, hindrar henne slett ikkje i å rope varsku om at metooavsløringane trugar rettstryggleiken, og den stemma var viktig. Ho kallar medfarten journalist Fredrik Virtanen fekk i 2017 etter skuldingar om valdtekt, det største overgrepet i svensk pressehistorie. Han mista jobben i Aftonbladet, men vann i retten da han reiste sak om ærekrenking. At han i haust igjen stod på trykk i Aftonbladet, med omtale av Bob Woodwards bok om Donald Trump, har truleg gledd også andre enn Linderborg.
Dagbøker opnar for tilgang til det private og personlege: Ho leitar etter vakkert sengetøy og bluser på Åhléns, ho elskar den altfor dyre Armani-kåpa, samtidig murrar klassemedvitet: Det er frivolt å bruke så mykje pengar på luksus. Ho inviterer oss inn til ei lang rekkje middagar, på kvite dukar på restaurant og heime hos henne, med kreps og pasjonsfrukt, med vin og champagne, iblant kjem ei setning om at vinen tok slutt for fort. Ho fryktar rynker og alderdom, ho har passert femti, tennene er ikkje sterke. Faren Leif Andersson, som mange kjenner frå den sjølvbiografiske boka Meg eier ingen frå 2007, var dårleg på tannpuss: «... hvis man ser inn i munnen min, blir klasseopphavet avslørt, i Rønnbergagatan var det ingen tannbørster.» Og dessutan ingen laken. Mor hennar, Tanja Linderborg, som seinare vart vald inn i Riksdagen for Vänsterpartiet, gjekk frå mannen og Åsa, som da var fire år. Ho kallar det urscenen i livet, i ti år budde ho hos ein far som drakk. Barndomen gjer vondt når ho «tar på den». Det skjer når mannen ho kallar P, går frå henne etter åtte år. Ho har alltid fått dei mennene ho vil ha. Like lett blir det neppe i åra som kjem.
Er det så nøye?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.