Teater

Brennbart emne i god komedie

Alvoret putrar heftig under yta i ein frekk kulturell satire.

Helle Haugsgjerd, Helle Haugen, Terje Strømdahl og Trond Høvik i komedien om æresdrap. Foto: Gisle Bjørneby
Helle Haugsgjerd, Helle Haugen, Terje Strømdahl og Trond Høvik i komedien om æresdrap. Foto: Gisle Bjørneby
Publisert

I vår nye fleirkulturelle norske kvardag er det vel få emne som provoserer oss meir enn fenomenet æresdrap. Vi synest sjølvsagt det er primitivt og ufatteleg at menneske av i dag, som lever under same ytre omstende som oss sjølve, kan tenkje og oppføre seg som i mellomalderen.

Hadde ikkje konsekvensane vore så forferdelege, kunne vi berre le av det. Det kan vi ikkje, og likevel går det no eit stykke på Centralteatret om nett denne problematikken. Og det får oss til å le.

Stykket er alt omdiskutert, og folk er ikkje heilt samde om humoren fungerer på dei rette premissa. Kor går grensa mellom det satiriske og det framandfiendtlege når ein set kritisk søkelys på framand kultur?

Grotesk og truverdig

Stykket er skrive av den kurdiske lækjaren og dramatikaren Ibrahim Amir, flyktning frå Syria, busett og etablert i Wien. Det har hatt stor suksess på scener i Wien og Köln. På imponerande vis utviklar skodespelet seg frå eit ubehageleg realistisk drama til ein klassisk utforma farse, og nærast motviljug godtek vi det, som ein tvingande konsekvens. Karakterane balanserer òg heile tida mellom å vere truverdige, oppriktige menneske og groteske karikaturar, og til og med det trur vi på. Det er med andre ord ingen ting å utsetje på arbeidet til dramatikaren. Ikkje på skodespelarane heller.

«fargeblind casting»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement