Breidd utan brodd
Det er mange store artistnamn i Festspill-programmet i år. Men ikkje alle namna har noko der å gjera.
KOMMENTAR
Førehandssalet til Festspillene i Bergen er det høgaste på ti år. Jamvel om 2014 var eit rekordår, er det no gått opp med ytterlegare 22 prosent. Det verkar som om festspelleiinga måler suksessen sin i talet på selde billettar. Då er dette eit framlegg til korleis dei kan nå nye høgder neste år: meir afrokubansk rytmefest på Logen teater, fleire «hiphop-workshops» på Edvard Griegs plass, meir elektronika med Röyksopp på Den nasjonale scene og fleire visekveldar i Grieghallen med visekongen av Bergen, Jan Eggum.
Om dei derimot sluttar å vera så einsidig opptekne av publikumstal og heller tenkjer kvalitet framfor kvantitet, vil det vera mogeleg å venda attende til det Festspillene i Bergen ein gong var. Men det kjem ikkje til å henda – ikkje så lenge Anders Beyer sit i direktørstolen.
Festspel for alle
For kva er det Beyer vil ha? Han vil «utvida, utforska og utfordra festspillsjangeren» og slik skapa «større bredde». Kort sagt: Han vil laga festspel for alle, og då er hiphop og visekveld naturlege val. Problemet er at di meir han freistar å gjera alle publikumsgrupper til lags, di meir han utvidar repertoarpaletten og utfordrar Festspillene som sjanger, di meir ordinær blir festivalen.
Med sitt tredje festivalprogram held Beyer altså fram med å vatna ut det som ein gong var ein tung, klassisk fundert festival, Nordens største i sitt slag.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.