Film
Brei skuring
Tromsø internasjonale filmfestival står støtt på fleire bein etter tretti år.
I filmen til Maryam Touzani held kvinnene seg innandørs.
Foto: Ali n' Procutions
Lytt til artikkelen:
Den trettiande utgåva av Tiff har film for alle smakar. I ein sterk norsk seksjon finn vi dokumentarfilmen Selvportrett, som nestor Margreth Olin har regissert i lag med Katja Høgseth og Espen Wallin. Dei har følgt fotokunstnaren Lene Marie Fossen. Portretta hennar pregar filmen. Talentet til den sjølvlærte dama er det liten tvil om, men trass i at regissørane har kunstnaren i fokus, er sjølvportretta av den utmagra fotografen herja av alvorlig anoreksi berebjelken. Kameraet tvingar oss til å sjå det visuelt vakre i mørkeret, som Fossen sjølv vil. Ho er ein paradoksal figur. Utan skikkeleg næring på tjue år er ho framleis ei lita jente på mange måtar. Det barnlege preget høyrer ein òg i den lyse stemma til ein kunstnar som ikkje har referansar til klassikarane ho slektar på, men trass i det har ein sikker stil og ei sterk stemme.
Eit finstemt lydspor med sakrale tonar frå Susanne Sundfør skapar stemning. Fossen og filmskaparane løftar fram det åndelege. Store spørsmål får solid handsaming. Sjukdomen anoreksi får eit kompromisslaust ansikt eg tilrår å sjå. Filmen kjem på norske kinoar i dag.
Den vide verda
Frå andre strøk finn vi franske Alice and the Mayor av Nicolas Parisier. Der ein kunne frykte slitsame kjønnslege forviklingar, kjem ein gneistrande smart og morosam film om politikk. Ein vellykka ordførar i Lyon har gått tom for sosialdemokratisk krut og tilset ein litteraturvitar han trur er filosof, til å hjelpe til med å pensle ut dei store politiske ideane for framtida. Har humaniora noko å stille opp med? Forsking seier eit rungande kanskje.
Eit anna fagfelt er utgangspunkt i det perfekt balanserte dramaet Litigante av Franco Lolli frå Colombia. Juristen Silvia kranglar seg gjennom ein kvardag med ingrediensar som kjekling, kreft, korrupsjon og kjærleik. Ein framifrå skriven figur frå ein urban middelklasse er forfriskande frå eit land nordmenn berre får sjå vald og dop frå til vanleg.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.